Avslutta med 8-1 mot Ellingsøy
Skrive av John Øie   
søndag 23. oktober 2011
Sterk Stordal-avslutning. Med 8-1 over Ellingsøy stoppa Stordal på 115 seriemål denne sesongen. Gultrøyene avslutta sesongen med 7 strake og 67-11 i målforskjell. Likevel ga dette "berre" 2.plass på slutttabellen sidan Skodje slo Brattvåg 2 5-1. Sindre avslutta sesongen med 3 mål, Thomas gjorde to, Andreas (K) og Geir Marius eitt kvar før Håkon sette eit verdig punktum med 8-1 med si første scoring for A-laget




(fotos: Thor Martin Hove)



5.divisjon
Stordal - Ellingsøy 8 - 1 (5 - 1)
Kirkebø stadion, kgb
70 tilskodarar

Mål:
1 - 0  (1) Andreas Kirkebøe
2 - 0 ( 9) Thomas Kirkebøe
3 - 0 (10) Sindre Holtleite
4 - 0 (19) Thomas Kirkebøe
5 - 0 (29) Sindre Holtleite
5 - 1 (30) Thomas Skurdeniz
6 - 1(64) Sindre Holtleite
7 - 1 (79) Geir Marius Øie
8 - 1 (90+1) Håkon Gjørva

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg

Gult kort: 1 til Ellingsøy

Stordal:
Adrian Nakken
Lars Eivind Joranger
Hans Martin Homlong
Andreas Øie
Thomas Kirkebøe
Geir Marius Øie
Robin Aasen
Kjetil Tøsse
Jørgen Tøsse
Sindre Holtleite

også nytta:
Ola Grønningsæter (frå 46)
Petter Aksel Kirkebøe (frå 61.)
Magnus Nygård Øvrebust (frå 73.)
Olav Rune Bratland (frå 80.)
Håkon Gjørva (frå 80.)
Bert Pasop (frå 80.)

Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Sindre
Cool Andreas


Kampen
Kampen var akkurat like spennande som resultatet tyder på. Stordal tok ledlesen etter eit lite minutt, og var 3 mål framom før klokkerunde nr. 10.

I det heile leverte Stordal ein svært sterk første halvtime, mot eit Ellingsøy som fekk til lite. Ikkje fult så overbevisande takter av heimelaget eter pause, men meir enn godt nok til å hanke inn endå ein kalas-seier.

Sindre sette inn 3 for Stordal, Thomas 2, Andreas (K) , Geir Marius og Håkon eitt mål kvar.

Dermed avslutta Stordal sesongen med å vinne sine sju siste, til ein samla målscore 67-11.



 Her sette innbytar Håkon punktum med 8-1 . på overtid.

Dette var Håkon sitt aller første seriemål - og samtidig seriemål nr. 115 for gultrøyene i år.

















Andre kampar
Skodje - Brattvåg 2 5 - 1 (3 - 1)
Skodje MÅTTE vinne mot Brattvåg 2 - og gjorde det. Anført av ein strålande Eirik Hjelvik, som sette inn både 1-0, 2-0 og 3-0 for heimelaget før halvtimen var passert. Kristian Johnsen reduserte då Brattvåg 2 kom sterkare mot slutten av 1. omgang.
Men, i andre omgang drepte Sondre Beite all tvil, då han sette inn 4-1 og 5-1. Resultatet betyr at Skodje er vinnar av avdeling 3 - og skal ut i playoff om opprykk.

- Vi gratulerer og ønskjer Skodje lukke til!


Norborg 2 - Emblem 3 - 4 (1 - 3)
Etter mange stygge tap heva Norborg 2 seg på tampen av sesongen. Begge dei to siste kampane enda med knepne 3-4 tap. Emblem leda 3-0 i denne kampen før heimelaget kom opp på 2-3. For Norborg var det Torgeir Garshol 2 og Per Kristian Stavik som scora. Emblem sine fulltreffarar var signert Stian Røsgård x 2, Jan Magne Sollibakke og Øystein Volden


Lepsøy - Harøy 1 - 5 (1 - 3)
Stian Harnes var den store forskjellen i dette øyderbyet, med sine fire mål. Bendin Brunvoll sette inn harøy sitt siste. Marius Kjerstad scora på straffespark for Lepsøy i første omgang.


Ørskog - Ravn AVLYST 3 - 0*
Ravn makta ikkje å stille lag ifølgje rapportar vi har fått inn...

Dermed gir stordal.nu Ørskog seieren 3-0 i påvente av reaksjonane (?) Ravn kan vente seg frå SFK.

SLUTTABELL
1 Skodje ↗       20 16 2 2   118 : 30 88   50
2 Stordal ↗       20 16 1 3   115 : 35 80   49
3 Ørskog ↗       20 14 3 3   93 : 36 57   45
4 Emblem ↗       20 13 3 4   69 : 40 29   42
5 Brattvåg 2 ↗       20 8 1 11   57 : 74 -17   25
6 Ellingsøy ↗       20 6 5 9   63 : 74 -11   21
7 Harøy ↗       20 6 2 12   64 : 88 -24   20
8 Ravn ↗       20 5 5 10   44 : 80 -36   20
9 HaNo ↗       20 5 2 13   38 : 93 -55   17
10 Norborg 2 ↗       20 4 1 15   50 : 111 -61   13
11 Lepsøy ↗       20 3 3 14   40 : 90 -50   12

PS!
Stordal.nu kjem snart med ei fullstendig oppsxummering av sesongen 2011.


Kommentarar
  • Usakelige kommentarar vil bli sletta
Navn:
Epost
Heimeside
Tittel:
Kommentar:

Kode:* Code

Powered by AkoComment!

Sist oppdatert ( mandag 24. oktober 2011 )