Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

3.div: AaFK 2 valsa over Hødd 2
Skrive av John Øie   
mandag 21. september 2009
Med 8-0 over Hødd 2 tok AaFK 2 eit langt steg mot KM-tittelen i 3.divisjon. 3 rundar før slutt er forspranget ned til Herd på 6 poeng + ein haug med mål. I 2.divisjon gjekk Molde 2 forbi SIF etter borteseier i Trøndelag.
Kommentarar
Les meir…
 
2. - 5.div: Hareid snudde 0-2 til 3-2
Skrive av John Øie   
lørdag 19. september 2009
Hareid tok tre svært viktige poeng etter snuoperasjon frå 0-2 til 3-2 mot Rollon. Brattvåg banka Godøy 5-2 i den andre 3.div.kampen. I 4..divisjon vann Vigra 2-1 i toppkampen mot Bergsøy. Skarbøvik gjekk på nytt tap i 2.divisjon - og er no i sumpa for alvor. Skodje passerte Stordal på tabellen, etter å ha senka Stranda 2 søndag. 15 resultat
Kommentarar (5 )
Les meir…
 
3. & 5.div: HaNo klar for play off
Skrive av John Øie   
fredag 18. september 2009
 HaNo sikra play off plassen fredag. HaNo slo Giske 5-2 i kveld - dermed er play off plassen sikra for blåtrøyene. HaNo går til play off saman med Ellingsøy frå avdeling 3. I 3.divisjon tapte Norborg på overtid mot Valder. Volda fekk juling mot Herd. Spjelkavik klatra fram til 4.plass etter 4-0 over Langevåg
Kommentarar
Les meir…
 
4. & 5.div: Viktige poeng for Vartdal
Skrive av John Øie   
torsdag 17. september 2009
Vartdal slo Sunnylven 3-0 og fekk dermed kontakt med Åmdal på tabellen. Blindheim slo ÅVK med same siffer. I 5.divisjon tok Stranda endå ein seier. Det same gjorde Bergsøy 2
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
5.div: Målsnitt på 10 mål pr kamp
Skrive av John Øie   
onsdag 16. september 2009
Det blei scora enormt med mål i kveldens fire kampar i 5.divisjon. Gursken/Larsnes laga 10 av desse i møte med Gjerdsvika. I same avdeling vann Tjørvåg toppkampen mot Hareid 2 - etter å ha ligge under 0-3 ved pause!. Ellingsøy hamra inn 9 mål mot Brattvåg, Ravn stoppa på sju mot Godøy 2/Vigra 2. Aksla- Langevåg er utsatt.
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
3. & 4.div: Bergsøy passerte Vigra
Skrive av John Øie   
mandag 14. september 2009
Med 5-1 i Åmdal gjekk Bergsøy forbi Vigra på tabellen - på målforskjell. AaFK 2 avgjorde etter pause mot poengtrengande Hareid. I 2.divisjon vart det nye tap for sunnmøringane.
Kommentarar
Les meir…
 
5.div: Skodje tok vare på sjansen
Skrive av John Øie   
søndag 13. september 2009
SIL_OIL20080406-12Endå ein matchball glapp for Bjørn og Stordal. Play off-kampen i avdeling 2 lever. Søndag tok Skodje vare på sjansen mot eit Stordal-lag som aldri kom i gong. Det såg likevel lyst ut , då Stordal tok føringa 2-1 37 sekund ut i andre omgang. Men Skodje kvitterte raskt - og sette inn seiersmålet til 2-3 10 minutt før slutt.
Kommentarar (6 )
Les meir…
 
3. - 5.div: Norborg redda skinnet?
Skrive av John Øie   
lørdag 12. september 2009
 Norborg berga kontrakta i 3.divisjon? Med 3-0 over Rollon - og seks poeng ned til Hareid kan Norborg ha berga kontrakta i sin første sesong i 3.divisjon. Stranda snudde 0-2 til 3-2 på Åram og er så nær opprykk at det ikkje går an å snuble for fjerde år på rad? Emblem tapte "skjebnekampen mot MSIL - og er i praksis ute av play off. G/L med kalasseier på Hareid i avd 3, der Åheim fauk opp på tabelltoppen etter storseier.7 resultat
Kommentarar (6 )
Les meir…
 
3.div: Viktig Godøy-seier i Vika
Skrive av John Øie   
fredag 11. september 2009
Ein knallsterk Godøy-spurt endra 1-3 til 4-3 og 3 viktige bortepoeng mot Spjelkavik. Dermed ligg Godøy likt med Brattvåg, som tapte 1-4 i Volda. Herd avgjorde mot Hødd 2 i sluttminutta medan Langevåg tapte stort for Valder. I Trondheim har det gått i motbakke for Jonas Larsen og Kvik i haust. Sigaren er sløkt...
Kommentarar
Les meir…
 
4.div: Vigra og Bergsøy vann stort
Skrive av John Øie   
torsdag 10. september 2009
Vigra kom knallsterkt tilbake etter tapet på Stranda - og banka Blindheim 6-0. Bergsøy leverte også sine saker og vann heile 5-1 i Sykkylven. Ørskog mista seieren på overtid mot Vartdal. MSIL er klar for play off i 5.div - etter 3 poeng på walk over mot FK Sykkylven 2.
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
Rota vekk 2-0 - tapte 2-3 i Sykkylven
Skrive av John Øie   
onsdag 09. september 2009
8Finn Ivar ga Stordal ein pangstart. Stordal gjekk på eit kjempesurt tap for FKS 2 i kveld. Gultrøyene leda tidleg 2-0, men opplevde at heimelaget greidde å snu resultatet. Etter ein kamp der Stordal igjen skusla vekk mange sjansar... Smileys ute
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
4. & 5.div: Mange favorittar snubla
Skrive av John Øie   
onsdag 09. september 2009
Mange favorittfall i kveld. Ei fattig trøyst for Stordal er at også Emblem og Skodje tapte. Dermed har gultrøyene stadig "kontroll" på 2.plassen. Ellingsøy er i praksis klar for play off, etter 2-0 over Ravn. Hovdebygda tok 3 etterlengta poeng i naboduellen mot Åmdal. 10 resultat
Kommentarar (3 )
Les meir…
 
To Stordal-kampar på 4 dagar
Skrive av John Øie   
mandag 07. september 2009
4Kampane kjem tett for Kenneth Søvik og Stordal. Stordal gjer unna to av sine fire siste seriekampar denne veka. Onsdag er det duka for bortekamp mot FK Sykkylven 2 i Hundeidvik. Søndag er det klart for lokalderby når Skodje kjem til Kirkebø. I 3.divisjon vann Brattvåg 6-0 over Hødd 2 måndag. Tirsdag tapte Norborg 0-6 for Tippeligalaget Molde. I 4.divisjon vann Blindheim på Vartdal
Kommentarar
Les meir…
 
2. & 5.div: SIF på veg mot nedrykk?
Skrive av John Øie   
søndag 06. september 2009
 Skarbøvik har ikkje vunne sida juni. Med elendig poengfangst etter jonsok - og endå eit tap (2-4 for Byåsen) er Skarbøvik på full fart mot nedrykkstrid i 2.divisjon? Med berre 3 poeng på dei 8 siste kampane ligg SIF sist på "formtabellen". Eit SIF-nedrykk vil også få konsekvensar i divisjonane under. Men ikkje i 5.divisjon, der Hareid 2 og Tjørvåg vann sine kampar laurdag - og HaNo berga poeng på overtid søndag 
Kommentarar (4 )
Les meir…
 
3. - 5.div: Nesten for Norborg
Skrive av John Øie   
fredag 04. september 2009
Norborg var berre få minutt frå å kapre poeng på Color Line i kveld. Som AaFK 2 tok også Herd 3 poeng i 2-1 seieren over Hareid. Spjelkavik vann på Valderøya medan Volda spelte sin sjette uavgjorte, på Godøya. Langevåg gjekk på sitt 16. tap. I 4.divisjon vann Ørsta enkelt over Hovdebygda. Ellingsøy slo Giske i divisjonen under.
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
4.div: Tettare i opprykkskampen
Skrive av John Øie   
torsdag 03. september 2009
Resultata frå kampane i 4.divisjon torsdag gir håp om ei spennande avslutning på serien. Både Bergsøy og FK Sykkylven tok fullt hus. I toppkampen på Stranda vann heimelaget heile 3-0 over Vigra. Bak Stranda tettnar det til i kampen om den andre opprykksplassen.
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
5 - 1 - Og takk for sist, Emblem!
Skrive av John Øie   
onsdag 02. september 2009
 Sentrale brikker i toppoppgjeret: Thomas, Sindre og Sondre. Stordal banka Emblem med 5-1 i toppkampen i 5.divisjon - og fekk ein hærleg revansje for smellen i vår. Sindre kvitterte raskt Emblem sitt ledarmål før han ga heimelaget pauseledelse med eit kremmerhus. I andre omgang la Petter Aksel, Geir Marius og Andreas på til 5-1. Sistnemde laga "hæla i taket, med sin hæl-frekkis!
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 95 - 141 av 439

Kven er online

Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.