|
NM: Stordal - Man United fredag |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 28. januar 2010 |
Fredag spelar Stordal innledande kampar under Veterancup-NM i Årdal og Lærdal. Stordal stiller med både veteran- og superveteran. I veteranklassa ventar sjølvaste Manchester United - i tillegg til Viking, Vik og Aurland. I Superveteran er det Rosenborg, Viking, Ulf Sandnes og Elnesvågen som er motstandarar.
- Følg Stordal sine lag LIVE på denne linken
Kommentarar (1 ) |
|
|
5.div: Avdelingsoppsettet er klart |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 28. januar 2010 |
SFK presenterer i dag eit utruleg oppsett for 5.divisjon 2010. 23 lag er fordelt på tre avdelingar, frå seks til ni lag. Stordal er plassert i avdeling 1 "dødens gruppe" saman med Hovdebygda og Sunnylven som kom ned frå 4.div - i tillegg til MSIL, Emblem, Aksla, Hessa, Sæbø og Stranda 2. Berre avdelingsvinnarane går opp.
- Med dette oppsettet har SFK fått det til å koke på Sunnmøre - igjen!
Kommentarar (5 ) |
|
Les meir…
|
|
|
Stig Johansen ny Stordal-trenar |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 25. januar 2010 |
Stig Johansen blir ny Stordal-trenar. Johansen leda si første Stordal-trening i helga. Johansen trente Spjelkavik i 3.divisjon i fjor, og overtek roret i Stordal etter duoen Bjørn Nedreskodje/Charles Tøsse. Før tida i Vika trente Johansen klubbane Ørskog (2007) og Rollon (2006). Oppdatert trenaroversikt for 2010
(foto: rollon-info)
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
5.div: Hessa ny, færre toarlag |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 25. januar 2010 |
Ei foreløpig opptelling SFK har gjort viser at 24 lag er påmeldt til 5.divisjon 2010. Einaste nye lag er Hessa, medan fleire toarlag ser ut til å forsvinne...
Lista er no ute til godkjenning. Og godt er vel det, sidan Stordal neppe kjem til å stille med to lag...
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
2010: Oversikt over trenarar |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 19. november 2009 |
Svein Erik "Rikken" Grevsnes tek endå ein sesong i Åmdal. 2010 sesongen nærmar seg fort. Veldig mange klubbar har fått på plass trenar(ar) til neste år, men slett ikkje alle. Vi har laga ei (foreløpig) liste som viser status rundt om i klubbane på Sunnmøre. Stordal er eitt av laga som enno ikkje har fått signatur(ane) på plass, men etter det stordal.nu kjenner til kan det skje raskt
Kommentarar (16 ) |
|
Les meir…
|
|
|
RPC G14: HØDD vart kretsmester |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 29. november 2009 |
Hødd er kretsmester i Futsal, klasse G14. I finalen mot Langevåg Lion scora Hallbjørn Hasund Thorseth to gongar for dei blåkvite frå Ulstein. Herd United kom på tredjeplass. Skodje sin Sondre Beite vart toppscorar, med 15 mål. AaFK-spelaren Aleksander Steffensen blei kåra til turneringas beste spelar.
|
|
Les meir…
|
|
|
RPC: Volda 1 vann senior-KM |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 29. november 2009 |
Stordal kom seg enkelt forbi puljespelet på Sjøholt. Men, i kvartfinalen mot Brattvåg 1 blei det bråstopp (1-6). Volda tok tilslutt heime KM-tittelen etter 2-1 over nettopp Brattvåg 1 i finalen. Gursken/Larsnes sikra bronsen etter 6-5 over Brattvåg old boys i kampen om 3.plassen.
For alle resultat og tabellar viser vi til Ørskoghallen
Kommentarar (1 ) |
|
|
RPC G14: Mellomspel/sluttspel |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 29. november 2009 |
Herd United vann alle sine kampar laurdag. Søndag klokka 1000 er det "på an" igjen, i Stordalshallen. 12 lag heng framleis med i kampen om den store KM-pokalen. Vi skal også kåre ein "målkonge", og vi skal kåre den beste spelaren i turneringa.
- sjekk programmet for søndag!
|
|
Les meir…
|
|
|
RPC G14: Pulje C ferdigspelt |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 28. november 2009 |
Hareid, vidare utan baklengsmål! Herd United, Hareid, Langevåg Tiger og Brattvåg gul går vidare frå Pulje C. Denne pulja var rekordjamn i toppen før dei siste - og heilt avgjerande kampane
|
|
Les meir…
|
|
|
RPC G14: Pulje B ferdigspelt |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 28. november 2009 |
Ørsta gul er klar for mellomspelet. Hødd, Skodje, Ørsta gul og Langevåg Lion er klar for mellomspelet søndag. Hødd sanka fullt hus på sine 4 kampar medan trioen bak alle stoppa på 9 poeng.
|
|
Les meir…
|
|
|
RPC G14: Pulje A ferdigspelt |
|
Skrive av John Øie
|
|
fredag 27. november 2009 |
Kan Stranda gå heile vegen? Stranda, AaFK, Sykkylven 1 og Hessa er klar for mellomspelet søndag. Stranda vann like godt alle sine kampar - og seilar opp som ein heit kandidat til KM-tittelen. For Stordal, Sykkylven 2 og Spjelkavik er mesterskapet over.
- Sjekk kampprogrammet for søndag!
|
|
Les meir…
|
|
|
RPC G14: Endra kampoppsett FREDAG |
|
Skrive av Administrator
|
|
onsdag 25. november 2009 |
Stordal IL, Fotball ønskjer alle vel møtt til Stordalshallen. Bergsøy har trekt begge sine lag frå RPC G14, som skal avviklast i Stordalshallen komande helg. Dette betyr at kampoppsettet for FREDAG 27. november er endra. Programmet for laurdag og søndag går som først sett opp. Alle kampane under G14-km kan du følgje med livescore her
Stordal IL, Fotball arrangerer PRC G14 i nært samarbeid med Sparebanken Møre
|
|
Les meir…
|
|
|
RPC - Stordal står til 17-1 i odds |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 26. november 2009 |
Nordicbet følgjer godt med i lokal fotball. No har selskapet sett opp vinnarodds på helgas senior-km på Sjøholt. Volda er favorittar, til 4,00. Tett bak følgjer Brattvåg old boys (!) og Valder, begge til 4,75. Dersom du har trua på Stordal, kan kanskje oddsen på 17,00 friste?
PS! Alle kampane under sluttspelet i Ørskoghallen får du LIVE her
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
5.div: Berre evalueringa står att... |
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 11. november 2009 |
HaNo - avdelingsvinnar til inga nytte. Fotballsesongen 2009 er over. Det er tid for ettertankar og refleksjonar. Var det rett å legge om seriesystemet i 5.- og 6.divisjon på Sunnmøre? - Nei, meiner stordal.nu - som synes at ei grundig evaluering no må på bordet. - Når 2 av dei 3 beste laga i serien ikkje rykte opp er det noko som ikkje stemmer
Kommentarar (26 ) |
|
Les meir…
|
|
|
RPC: Stordal kvalifisert for sluttspel |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 22. november 2009 |
Stordal fekk ei lang reise, men enkel veg då laget kvalifiserte seg til KM-sluttspelet på Sjøholt neste helg. I Olivinhallen på Åheim blei det berre to kampar på dei gule og raude, ettersom Ørsta trekte laget sitt. Klar seier mot ÅVK 2 og like klart tap for Volda 1 betydde 2.plass i pulja. Også Norborg og Gursken/Larsnes er klar for sluttspelet. Bergsøy 2, Hareid 2, Åheim 1 og Åram/Vankam 1 gjekk vidare etter kampane søndag
Siste: Puljene og kampoppsettet for sluttspelet er klart (Stordal møter ÅVK 1, Åheim 1 og Vigra)
Kommentarar (19 ) |
|
Les meir…
|
|
|
RPC: Kan Stordal gå vidare? |
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 18. november 2009 |
Hans Martin og Stordal gleder seg. Laurdag er det duka for andre bolk i senior-km (innledande). Stordal reiser den lange turen til Åheim, der gultrøyene skal bryne seg på Volda 1, Ørsta og Åram/Vankam 2.
Kommentarar (2 ) |
|
Les meir…
|
|