Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

Vår-Cup: Endeleg kamp på Stordal?
Skrive av John Øie   
tirsdag 25. mars 2008
HaNo har oppsettet for Vår-Cup klart. Stordal møter Lepsøy (1300) og Ravn (1500) laurdag og arrangørklubben HaNo (1600) søndag. Meir om turneringa på Rogne stadion finn du her. Om ikkje vinteren set endå ein stoppar, ser det endeleg ut til at gultrøyene skal få kamptrening.
Kommentarar
 
Espen Standal - slo Stryn åleine!
Skrive av John Øie   
lørdag 22. mars 2008
 Espen Standal scora fire mål då Ørsta slo Stryn 5-3 på bortebane laurdag. Standal laga to mål i kvar omgang - og var hovedarkitekten bak Ørsta sin første seier for året. Hallgeir Aam scora det femte for kvittrøyene. Søndag vart det 1-3 tap for Ørsta i Langevåg.. Fleire avlyste kampar 2. påskedag. 9 resultat
Kommentarar (3 )
Les meir…
 
Ingen naboduell på laurdag
Skrive av Administrator   
fredag 21. mars 2008
Det blir ingenting av Stordal-Stranda laurdag. Snødekte baner både her og der sørger for at kampen er endeleg avlyst. Neste for Stordal no blir "Vår-Cup", som HaNo arrangerer neste helg. Der stiller HaNo, Lepsøy, Ravn og Stordal i herreklassa.
Kommentarar (1 )
 
Påskefotball - eller ikkje?
Skrive av John Øie   
tirsdag 18. mars 2008
 Stordal-Stranda på laurdag? Ikkje mange påskekampane vi har greidd å snappe opp. Om vèr og vind tillet det, vil naboane Stordal og Stranda gjere eit nytt forsøk påskeaftan. Enten i Stordal eller på Stranda. 4 resultat
Kommentarar (4 )
Les meir…
 
Larsnes/Gursken har fått trenar
Skrive av John Øie   
tirsdag 18. mars 2008
Etter ein turbulent vinter med mangel på spelarar og trenar, har Bjartmar Rekdal takka ja til oppgåva som trenar for Larsnes/Gursken. 18 spelarar skal ha sagt ja til å spele for laget, som truleg får ei stri tørn med å berge plassen i 4.divisjon.
Kommentarar
Les meir…
 
Den lange vegen mot Ullevaal...
Skrive av John Øie   
mandag 17. mars 2008
Foto: Sondre Kåfjord, fotballpresidentDeler Sondre Kåfjord ut NM-pokalen til eit sunnmørslag i haust? NFF har sett opp kampane i 1. kval.runde i NM. Dei sju sunnmørske 3.div.laga spelar slik: Volda - FK Sykkylven, Hareid - Langevåg, Valder - Brattvåg og Spjelkavik mot Odd Brede Langdal sin "gamle klubb"; Rival..
Kommentarar
Les meir…
 
Geir Arne ferdig i Ørskog
Skrive av John Øie   
søndag 16. mars 2008
 Geir Arne Pedersen er ferdig som Ørskog-trenar. Det er murerane.com som melder dette på si heimeside.  Pedersen overtok trenaransvaret i Ørskog i starten av desember - og leda blåtrøyene i kun fem kampar - eller i overkant av 100 dagar!
Kommentarar (8 )
Les meir…
 
Svært scoringsrik palmehelg
Skrive av John Øie   
lørdag 15. mars 2008
 Frank Sverre Skorpen - scora 4 mot Tornado!  Mange mål pregar treningskampane palmehelga. Flest då Stranda slo nabo Hornindal 9-5 på Stranda stadion fredag kveld. Her er ei oversikt over aktiviteten denne helga - så langt: 16 resultat
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
Mange mål i midtveka
Skrive av John Øie   
onsdag 12. mars 2008
Seks lokale treningskampar onsdag, der samtlege kampar bydde på fem - eller fleire scoringar. Torsdag kveld følgde Blindheim opp med å slå eit redusert Ørskog-lag med 5-2.
Kommentarar (4 )
Les meir…
 
Kampar kvar dag framover
Skrive av John Øie   
mandag 10. mars 2008
 Trond Brynestad - matchvinnar då Godøy slo Rollon tirsdag. Treningskampane kjem stadig tettare. Her er programmet dei neste dagane. Visste du forresten at halvparten av laga i 4.divisjon enno har tilgode å vinne i år - sjekk norborg.com sin treningskamptabell!
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
Vartdal leda 4-0 - tapte 4-6 !!!
Skrive av John Øie   
lørdag 08. mars 2008
 Kato Vangen scora begge for Stranda mot FKS. Naboduellen enda uavgjort, slik som mange andre kampar i helga. I Ørsta skjedde det ein knapt trudde kunne vere muleg; Vartdal leda 4-0 ved pause, men tapte 4-6 for Lom  16 resultat til no
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
Over og ut for Larsnes/Gursken?
Skrive av John Øie   
lørdag 08. mars 2008
Vinterseriekampen mellom Norborg og Larsnes/Gursken er avlyst. Larsnes/Gursken greier ikkje å stille lag - og må avlyse for fjerde gong i år. Norborg.com stiller no spørsmålet om Sande-laget i det heile greier å fullføre dei 22 serierundane I 4.divisjon i år. - Ikkje så rart, når klubben manglar både trenar og spelarar!
Kommentarar
Les meir…
 
Uavgjort for Ørskog i Vika
Skrive av John Øie   
torsdag 06. mars 2008
 Murarane likte det dei såg. Ørskog spelte 2-2 (1-1) borte mot Spjelkavik torsdag kveld. Sigve Rørstad og Eivind Klokkehaug scora for Ørskog.  - Ein meget god kamp av blåtrøyene, skriv murerane. Gudmundur Gudjonson og Adrian Gjerde netta for Spjelkavik.
Kommentarar
 
Polsk landslagspelar til Rollon?
Skrive av John Øie   
onsdag 05. mars 2008
 Monsen forsterkar utanfrå? Rollon.info har fått rapport om at ein tidlegare polsk landslagspelar trenar med klubben. Lazarz Grzegorz Jozef er keeper - og har 3 års bakgrunn frå toppklubben Wisla Krakow.Også ein spelar frå Litauen kan vere på veg til 3.divisjonslaget. Les meir på rollon.info
Kommentarar
 
Snø- og dritvèr stoppar kampane
Skrive av John Øie   
onsdag 05. mars 2008
Denne midtveka skulle fleire treningskampar vore spelt. Men, snøfall og ruskevèr har sett kjeppar i hjula. I går vart Rollon-Godøy utsatt. I kveld leid Vestnes Varfjell-Åndalsnes og Valder-Vigra same skjebne. To kampar er likevel spelt; Bergsøy-ÅVK 1-1 og Sæbø-Vartdal 3-3.
Kommentarar
Les meir…
 
Rundt 20 treningskampar i veke 10
Skrive av John Øie   
tirsdag 04. mars 2008
Vi har snoka litt på nettet, og funne følgjande lokale treningskampar i veke 10. Fredag hadde Sunnylven og Stordal avtalt treningskamp på Stranda. Denne har blitt avlyst på grunn av forholda. Oppdatert 6. mars
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 424 - 439 av 439

Kven er online

Vi har 14 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.