Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

Fair play: Stordal har berre 3 gule
Skrive av John Øie   
mandag 16. juni 2008
        324            15  
Det er innregistrert 324 gule og 15 raude kort hos SFK til no. Mest arbeid har SFK etter kampane i 3.divisjon, medan laga i 4. og 5.divisjon kivast om å vere snillast. Og aller snillast av dei snille er Stordal, med berre 3 gule på 9 kampar. Verstingane på fair play hittil er Blindheim med 17 "poeng". Rollon Vigra, Åram/Vankam og Blindheim 2 følgjer på plassane etter...
Kommentarar
Les meir…
 
Mål: Standal scorar flest
Skrive av John Øie   
søndag 15. juni 2008
jahnmortenJahn Morten Overå - 8 mål og toppscorar på Stordal. Espen Standal, Ørsta er mestscorande på Sunnmøre, til no. 14 mål har ungguten putta i 4.divisjon. Sigurd Nybø frå Åmdal (13 mål), Stian Harnes (Harøy, 12 mål) og Yngve Steffensen (Emblem, 12 mål) kjem nærmast. I 3.divisjon er det stadig Lasse Olsen som toppar (10 mål). Snittet etter 157 kampar er 4,61 mål pr. kamp
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
4. & 5.div: Ørsta mister 1 poeng
Skrive av John Øie   
lørdag 14. juni 2008
SFK har fråtatt Ørsta eitt poeng i samband med bruk av ein "ulovleg spelar" i kampen mot Herd 17. april. HaNo og Bergsøy kan begge plusse på med eitt poeng, etter 2-2 laurdag. 2-2 også søndag då Sæbø fekk besøk av Ellingsøy. Skarbøvik sikra seg 3 nye poeng med 3-1 over Byåsen i Trondheim
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
3.div:Snuoperasjon av Vika
Skrive av Administrator   
fredag 13. juni 2008
Spjelkavik kom meisterleg tilbake mot Valder - og snudde 0-2 til seier 3-2. Odd Brede Langdal scora to av måla. Volda hadde sjansen til å overta tabelltoppen, men tapte istaden 0-3 for Rollon. Uavgjort mellom Godøy og Langevåg, og FKS blei poenglause for sjette kamp på rad
Kommentarar
Les meir…
 
Etterlengta Stordal-seier
Skrive av John Øie   
torsdag 12. juni 2008
 Stordal skapte haugevis med sjansar.Stordal var endeleg tilbake på vinnarsporet - og tok 3 svært så fortente poeng etter 3-2 (2-0) i ei sjanserik forestilling mot Emblem. Jahn Morten Overå scora to (24 og 52) og Robin Aasen (45) eitt for Stordal. Emblem sine reduseringar til 1-2 (46) og 2-3 (58) signerte Yngve Steffensen og Stian Røsgård.
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
4.div: Stranda overtok tabelltoppen
Skrive av Administrator   
torsdag 12. juni 2008
Stranda er ny serieledar i 4.divisjon etter 3-1 i toppkampen mot Herd. Norborg nektar å sleppe taket bak teten - og slo til med ein sterk 3-1 seier i Ørsta. Solid nedtur for Ørskog i heimemøtet med ÅVK. På Hellesylt avgjorde Sunnylven med 3 mål på seks minutt. G/L leda 2-0 ved pause på Vartdal, men sprakk så det suste med 5 baklengs dei siste 10 minutta...
Kommentarar (13 )
Les meir…
 
5.div: Surt Skodje-tap i Åmdal
Skrive av John Øie   
onsdag 11. juni 2008
Skodje hadde sjansen til å ete seg skikkeleg innpå tetduoen onsdag, men tapte noko flatterande 0-3 for Åmdal. Hovdebygda gjekk på sesongens første tap då FKS 2 avgjorde heilt på slutten, medan MSIL hadde små problem med å sette halvdusinet i Ravn
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
Emblem tilbake i Stordal etter 23 år
Skrive av John Øie   
tirsdag 10. juni 2008
 Heimepublikum vil sjå gultrøyene vinne! Torsdag er det klart for ny heimekamp. Då møter Stordal Emblem på Kirkebø - to lag som ikkje har møtt kvarandre i serien sidan 1985.. Over 40 dagar har gått sidan den forrige Stordal-seieren. Har gultrøyene fått inspirasjon frå EM-fotballen - eller vil nedturen fortsette?
Kommentarar (1 )
Les meir…
 
3.div: Valder slo FK Sykkylven
Skrive av John Øie   
tirsdag 10. juni 2008
I ein framskutt kamp frå runde 11 har Valder i kveld slått FK Sykkylven med 3-0. Sjekk også Nordicbet sine odds på kven av trenarane i 3.divisjon som får sparken først...
Kommentarar
Les meir…
 
NM & 5.div: KBK slo ut Rosenborg
Skrive av John Øie   
lørdag 07. juni 2008
Torsdag rauk Lillestrøm ut av cupen. Laurdag fekk LSK selskap av Rosenborg, som måtte sjå seg slått av 2.div.laget Kristiansund BK. Også Hamkam fekk exit etter tap for Valdres søndag. I 5.divisjon slo Ellingsøy til med storseier mot MSIL - og avanserte tre plassar på tabellen. Skarbøvik gjekk til topps i 2.divisjon etter 2-1 over Groruddalen.
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
3.div: Volda med i tetkvintett
Skrive av John Øie   
fredag 06. juni 2008
Det tettnar skikkeleg til i toppen av 3.divisjon. Hareid gjekk på eit uventa tap heime for Valder, samtidig vann Volda 2-1 over Brattvåg i toppkampen. Dermed skil det berre 1 poeng mellom dei fem fremste laga. Godøy med viktig borteseier mot FKS, medan Spjelkavik gjekk på endå ein nedtur i den viktige kampen mot Blindheim
Kommentarar
Les meir…
 
LIVE: Ravn - Stordal 2 - 2 slutt
Skrive av John Øie   
torsdag 05. juni 2008
 Stordal med 5 kampar på rad utan seier. Dei to svakaste laga på formtabellen i 5.divisjon spelte 2-2 på Vatne torsdag kveld. Ravn leda både 1-0 og 2-1, men Stordal kom tilbake - og berga eitt poeng med si andre utlikning 6 minutt før slutt. VI etterlyser LAGOPPSTILLINGA
Kommentarar (13 )
Les meir…
 
NM & 4.div: Favorittane jagar Herd
Skrive av John Øie   
torsdag 05. juni 2008
 Kent Runar Vad med to mål for Stranda i toppkampen. Stranda stod for kveldens store resultat ved å vinne 5-1 i toppkampen i Fosnavåg. Herd og Ørsta slo også til med solide triumfar i sine oppgjer. Opptur for Ørskog som endeleg vann på bortebane, medan Sunnylven lurte Norborg for seieren. Uavgjort også i øyderbyet mellom Vigra og HaNo. Lillestrøm er ute av cupen - etter 0-1 mot lille Eidsvold IF.
Kommentarar (2 )
Les meir…
 
NM & 5.div: Resultat onsdag
Skrive av John Øie   
onsdag 04. juni 2008
Hødd er klar for 3. runde etter 4-1 heime over NTNUI. Det same er AaFK etter 5-4 over 120 minutt mot Åsane. Skarbøvik er ute etter heilsprekk i ekstraomgongane mot Sogndal. Skodje laga målfest - med 9-0 - i heimemøtet med FKS 2 i 5.divisjon
Kommentarar
Les meir…
 
3.div: Uavgjort i to kampar
Skrive av John Øie   
mandag 02. juni 2008
Både "slaget om Hareidlandet" og AaFK 2-Volda enda 1-1 i kveld, Dermed er AaFK 2 tilbake på toppen, på bedre målforskjell enn Brattvåg og Hødd 2. Hareid ligg på 4.plass, berre eitt poeng bak.
Kommentarar
Les meir…
 
5.div: Hovdebygda med storseier
Skrive av John Øie   
lørdag 31. mai 2008
Hovdebygda ser ut til å meine alvor. Laurdag blei Harøy banka 5-1 i toppkampen i Hovdebygda. Strandaren Espen Hove laga dei tre første for HIL. Harøy åpna sesongen svært så fint, men har no tosifra bakover på dei to siste - og er i ferd med å miste kontakta med teten.. Skarbøvik imponerer stadig i 2.div, seier 2-0 i Levanger i ettermiddag.
Kommentarar
Les meir…
 
3.div: Brattvåg spratt til topps
Skrive av John Øie   
fredag 30. mai 2008
Brattvåg greidde berre uavgjort heime mot Langevåg, men overtok likevel tetplassen i 3.divisjon. Ny klar Rollon-seier i møtet med FKS. Godøy fekk endeleg juble for 3 poeng, medan Valder laga ny målorgie i heimekampen mot Blindheim I 4.div blei det 2-2 mellom VVIL og Grykam/Kårvåg/Havørn/AK 2.
Kommentarar (4 )
Les meir…
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 330 - 376 av 439

Kven er online

Vi har 13 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.