Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

3.div: Håpet er ute for FK Sykkylven
Skrive av John Øie   
fredag 26. september 2008
Før kampane i 3.divisjon fredag kveld var det berre teori som kunne fornye kontrakta til FKS. Etter 1-2 heime for Blindheim er no 4.divisjon 2009 eit faktum for FKS. I alle dei tre andre kampane fredag kveld blei det poengdeling. I 4.divisjon klatra Vestnes Varfjell til topps på tabellen etter 4-1 over Gossen.
Kommentarar
Les meir…
 
4.div: - Ryk på oppløpsida igjen?
Skrive av John Øie   
torsdag 25. september 2008
Skal opprykket for Stranda ryke for tredje året på rad? - Ikkje umuleg etter at strandarane tapte 1-3 for Herd i toppkampen i 4.divisjon i kveld. I naboavdelinga nordpå er tabellen kasta om etter at NRFK kasta Sunndal 2 ut av serien.
Kommentarar
Les meir…
 
0-0 mellom Emblem og Stordal
Skrive av John Øie   
torsdag 25. september 2008
Emblem og Stordal spelte mållaust 0-0 i seriekampen på Emblem torsdag. Smileys ute
Kommentarar
Les meir…
 
5.div: 7 mål av Hallvard Westad
Skrive av John Øie   
torsdag 25. september 2008
Hallvard Westad har sett ein scoringsrekord det skal bli vanskeleg å slå. I 14-1 seieren over Ravn onsdag noterte Westad seg for heile 7 mål. Alt før denne kampen hadde han sett ny scoringsrekord for MSIL - med 26 seriemål i same sesong. No toppar Westad alle lister på Sunnmøre, med 33 seriemål, tre serierundar før slutt. Vi har oversikta over dei mestscorande på Sunnmøre i år
Kommentarar
Les meir…
 
Stordal er snillast av alle
Skrive av John Øie   
tirsdag 23. september 2008
 Stordal hankar inn færrast kort av alle seniorlag på Sunnmøre. Ei opptelling etter 18 rundar viser at Stordal er mest fairspelande av alle. Berre 8 gule kort hadde gultrøyene samla. - Sjekk oversikta over kven som dømmer - og gir kort i 5.divisjon.
Kommentarar
Les meir…
 
v 39: Ørsta-samling i 4.divisjon?
Skrive av John Øie   
tirsdag 23. september 2008
 Sigurd Nybø og Åmdal spelar 4.divisjon 2009. Ørsta Kommune kan få fire - av sine 5 lag - samla i 4.divisjon neste år. Ørsta og Vartdal spelar der alt i dag, medan Åmdal og Hovdebygda har staka ut kursen i divisjonen under. Truleg er det berre Skodje som kan sette ein stoppar for dette - i toppoppgjera mot Åmdal søndag - og HIL neste helg.
Kommentarar
Les meir…
 
3.div: AaFK 2 slo Hødd 2
Skrive av John Øie   
mandag 22. september 2008
 Jøgvan gir seg i Godøy - etter sesongslutt. Toppkampen i 3.divisjon mellom AaFK 2 og Hødd 2 enda med heimeseier 3-1 på CLS. Dermed klatra Ålesund-laget forbi både Hødd 2 og Brattvåg på tabellen. Alt tyder på at Molde 2 blir kvalik.motstandar for AaFK 2 eller Brattvåg. - Sjekk oversika over kven som har dømt kampane i årets 3.divisjon!
Kommentarar
Les meir…
 
5.div: Hovdebygda vann på Harøya
Skrive av John Øie   
søndag 21. september 2008
Hovdebygda tok tilbake 2.plassen på tabellen - etter 3-1 over Harøy søndag. Blindheim 2 tok eit svært viktig bortepoeng i 5-5 kampen på Sæbø. Laurdag tok Vestnes Varfjell sin åttande strake - og suser no mot opprykk.
Kommentarar
Les meir…
 
3., 4. & 5.div: Ledarskifte i fjerde
Skrive av John Øie   
lørdag 20. september 2008
Norborg sin tabelltopp varte berre i ei veke. Oransjetrøyene tapte 2-3 på Hellesylt og dermed er Stranda tilbake på toppen etter 2-1 over Bergsøy. Ørskog sende G/L nærmare 5.divisjon - og Vigra tok sin femte strake. I 3.divisjon er FKS så godt som klar for nedrykk - etter 0-4 for Godøy. SIF tok 3 nye poeng i 2.divisjon. I 5.divisjon vann Emblem 2-1 i Åmdal.
Kommentarar
Les meir…
 
3.div: Blindheim vann nøkkelkamp
Skrive av John Øie   
fredag 19. september 2008
Blindheim sikra seg 3 utruleg viktige poeng etter 4-1 over Spjelkavik i kampen om fornya kontrakt. I Brattvåg greidde berre Brattvåg 1-1 mot Volda. Uavgjort også for Hareid, som lenge gjekk mot tap på Valdervoll. Mange må stå over laurdagens runde i 4.divisjon - sjekk kortstatistikken...
Kommentarar
Les meir…
 
Slo Ravn for første gong på 22 år
Skrive av John Øie   
torsdag 18. september 2008
 Kenneth scora 2 mål på under minuttet. Det tok 22 år før Stordal endeleg greidde å slå Ravn, igjen. Berre 4 møter er spelt sidan 1986, men verken i 2006 eller i kampen i vår greidde stordalingane å sikre 3 poeng. I kveld lukkast det endeleg, men det var jaggu berre såvidt... I ein annan kamp vann Ellingsøy 3-1 borte over MSIL
Kommentarar
Les meir…
 
Hareid-klubbhus i ruinar
Skrive av John Øie   
torsdag 18. september 2008
Hareid sitt gamle klubbhus brann ned i natt. Berre ruinar står igjen melder vikebladet. Alt som var i klubbhuset gjekk tapt.
Kommentarar
 
Senior-km i Stordalshallen
Skrive av John Øie   
torsdag 18. september 2008
Stordal IL er tildelt senior-km (innledande) 22. og 23. november. Også i Brattvåghallen skal det spelast innledande denne helga. Tildelinga i Stordalshallen kjem som følgje av at Volda T & IL har trekt seg som arrangør - og at SFK ikkje har lukkast med å finne ein "erstattar" på søre Sunnmøre. Sluttspelet skal avviklast med 16 lag i Giskehallen (Valder) 6. og 7. desember. Senior-km skal ikkje spelast etter Futsal-reglane.
Kommentarar
Les meir…
 
5.div: Mot dobbeltnedrykk for FKS?
Skrive av John Øie   
onsdag 17. september 2008
Etter 1-7 heime for Skodje i kveld, spøker det no skikkeleg for FK Sykkylven 2 i 5.divisjon. Som førstelaget er FKS 2 "trygt planta" på nedrykksplass. Om ikkje poengfangsten blir radikalt forbetra går det mot dobbel degradering for sykkylvingane. I 6.divisjon er Giske ute av opprykksdansen etter 2-4 for Lepsøy i kveld.
Kommentarar
Les meir…
 
Mål: Westad presser Harnes
Skrive av John Øie   
tirsdag 16. september 2008
 Stian Harnes, Harøy står med 26 seriemål 4 rundar før slutt. Etter 18 serierundar står kampen om å bli toppscorar på Sunnmøre i 2008 mellom Stian Harnes, Harøy og Hallvard Westad, MSIL. Med hhv 26 og 25 seriemål ligg duoen godt framom Espen Standal, Ørsta. I 3.divisjon er det dødt løp mellom Brattvåg sin Martin Sundnes og AaFK 2 sin Lasse Olsen
Kommentarar
Les meir…
 
Rekordframmøte i Stordal
Skrive av John Øie   
tirsdag 16. september 2008
Foto: Trenerutviklingssamling i Stordal med Differensiering som temaRekordoppslutning i Stordal. Sist veke vart det sett ein uslåeleg rekord i Stordal. Absolutt alle lag i klubben var representert då SFK - og Amund Skiri - hadde trenarutviklingsseminar i Stordal. - No oppmodar SFK andre klubbar om å tangere rekorden Stordal IL sette!
Kommentarar
Les meir…
 
Nytt tidspunkt for Stordal - Ravn
Skrive av John Øie   
tirsdag 16. september 2008
Seriekampen mellom Stordal og Ravn torsdag er flytta fram ein halvtime. Kampen har dermed avspark klokka 1800. I 2.divisjon vann Skarbøvik tirsdag 3-0 over Lyn 2 i Oslo. Godt nytt for lokale lag som lever i uvissa...
Kommentarar
Les meir…
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 236 - 282 av 439

Kven er online

Vi har 17 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.