|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 01. desember 2008 |
Strandafotball.no melder at Bjørnar Aure vender tilbake til Stranda. Aure han sidan i fjor sommar spelt for moderklubben Skodje - og går no inn i sitt andre opphald for Stranda. Aure spelte for Skodje i Stordalshallen, men vil representere Stranda i sluttspelet. I KM-sluttspelet er det dessutan klart at FK Sykkylven overtek Spjelkavik sin plass, grunna kollisjon med julebord.... I Brattvåg er Rikard Vestre engasjert som ny hovedtrenar for 2009.
Kommentarar |
|
|
RPC: Møter Hødd, BIL og Stranda |
|
Skrive av John Øie
|
|
tirsdag 25. november 2008 |
Puljene i sluttspelet i senior-KM er klare. Stordal spelar i gruppe B, og skal opp mot Hødd, Brattvåg 3 og Stranda. Kampane skal avviklast laurdag 6. desember frå klokka 1000. Alle puljene - og komplett kampoppsett finn du her. Sluttspelet går på Valderøya, der det blir innledande laurdag og finalespel søndag.
Kommentarar |
|
|
RPC D: Volda 1 og "Bøgda" vidare |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 23. november 2008 |
Kato Vangen & Christian Malmo - med suksess for Volda 1. Med nykommarane Vangen/Malmo på laget tok Volda 1 full pott i Stordalshallen. Med seg til sluttspelet på Valderøya får dei Hovdebygda, som banka Skodje i den avgjerande kampen. For alle resultat & facts viser vi til vår LIVESCORE
(foto: møre-nytt)
Kommentarar |
|
|
RPC C: Hødd og Volda 2 vidare |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 23. november 2008 |
Ørskog utslått etter 7-7 thriller mot Volda 2. Ørskog leda 7-5 mot Volda 2 - og var berre 19 sekund frå å slå grøntrøyene. Seier ville sikra Ørskog avansement, istaden er det Volda 2 som følgjer Hødd til Giskehallen. Søndag morgon kom meldinga om at Åmdal ikkje greier å stille lag. For arrangøren og dei andre laga var dette synd - ikkje minst fordi Sunnylven var på venteliste. KAMPPROGRAMMET i gruppe C er endra. For løpande resultatservice - og korrigert kampoppsett - viser vi til vår LIVESCORE.
Kommentarar |
|
|
RPC B: Stordal og "Vika" vidare |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 22. november 2008 |
Stordal er klar for sluttspelet. Stordal 1 er klar for sluttspelet etter 3 strake. Også Spjekavik kan førebu seg på sluttspel om 2 veker. Den siste kampen mellom Stordal 1 og Spjelkavik blir dermed ein rein finale om gruppeseieren. For meir info om målscorarar - og andre resultat, nytt vår LIVESCORE
Kommentarar |
|
|
Kretsting: Omlegging av 5.divisjon |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 22. november 2008 |
Kretstinget har vedtatt omlegging av 5. og 6.divisjon - med klart fleirtal! Dette betyr at 5.divisjon 2009 blir nederste nivå på Sunnmøre, med 3 avdelingar a cirka 10 lag.. Dei 3 avdelingsvinnarane rykker direkte opp til 4.divisjon. Dette betyr at minimum 3 lag (i beste fall 2, men maks 5 lag) kan rykke ned frå 4.divisjon neste år. Meir om denne saka seinare. - Følg også debatten på smp.no
Kommentarar |
|
|
RPC A: Hareid 1 og Stranda vidare |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 22. november 2008 |
Hareid junior tok KM-gull i Stordalshallen 2005. Hareid 1 og Stranda går vidare til sluttspelet frå Pulje A i Stordalshallen. Fleire av finalespelarane frå 2005 var i aksjon i Stordalshallen laurdag. For meir info og resultat viser vi til vår LIVESCORE
Kommentarar |
|
|
Følg senior-KM LIVE frå Stordalshallen |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 20. november 2008 |
Laurdag og søndag er det klart for senior-KM (innledande) i Stordalshallen. Stordal.nu kjem til å følgje turneringa tett - i tillegg blir det full LIVESCORE-SERVICE,. Her får du løpande oppdatering heile helga. Her er Livescore frå Brattvåghallen
Etterkvart som vi får inn lagoppstillingane vil du finne desse ved å trykke på klubbnamna (i tabellkolonna)
- Vi oppmodar våre besøkande om å køyre forsiktig på dei svært vanskelege vintervegane. Søndag morgon er det 3 kuldegrader i Stordal.
Vel møtt til Stordal!
PS! Gratis inngang for publikum!
Kommentarar |
|
|
3.div: Molde 2 med klar 3-0 seier |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 17. november 2008 |
Molde 2 i praksis klar for 2.divisjon. Med 3-0 til Molde 2 i kveld tyder alt på at AaFK 2 blir verande i 3.divisjon også neste år. Sjølv om det gjenstår ein returkamp onsdag kveld er det vel berre dei færraste som venter at Julenissen skal ordne dette.... Alt no kan vi konkludere med at Blindheim spelar i 4.divisjon, HaNo i 5.divisjon og Emblem i 6.divisjon 2009. I fjor berga SIF-opprykk både Blindheim og HaNo, i år gjekk det ikkje slik.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Bergsøy: På heiltid i 4.divisjon |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 17. november 2008 |
Bergsøy satser friskt. Lars Petter Rønnestad er tilsett på heiltid i 4.div.klubben Bergsøy. Frå 1. desember vil han dele på jobben som administrativ ledar (2/3) og A-lagstrenar (1/3) for Bergsøy. Stranda har mist viktig duo til Volda. Vestnes Varfjell har landets 4. beste heimeside.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
SFK: Flest aktive på indre Sunnmøre |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 17. november 2008 |
SFK: Fleire spelar meir fotball. Komande helg skal SFK avvikle sitt kretsting. I årsrapportane ser vi at Stordal Kommune har flest aktive i forhold til folketal, med heile 63 % oppslutning i årsklassene 6-16 år. På plassane etter kjem Stranda, Ørskog og Norddal kommuner. Av SFK sine årsrapportar går det fram at heile 992 lag deltok i årets seriar. Herd, Ravn og Volda er nominert til årets breiddeklubbar.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Skrive av John Øie
|
|
tirsdag 11. november 2008 |
Jahn Morten Overå flytter til Bærum. Under helgas fotballavslutning i Grendasalen stadfesta Jahn Morten Overå det mange har prata om siste tida; Han gir seg i Stordal. På nyåret flytter han til Bærum der han skal starte i ny jobb. 33-åringen har spelt i Stordal sidan tidleg på 90-talet - og har to periodar i 3.divisjon med gultrøyene.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
SFK: Omlegging av 5. og 6.div? |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 08. november 2008 |
Sunnmøre Fotballkrets kjem til å legge fram to forslag til omlegging/endring av 5. og 6.divisjon. Dette skjer under kretstinget om to veker. Det eine går på å dele laga inn i 3 avdelingar (5.div). Alternativ to går på å "slanke" 5.divisjon frå 12 til 10 lag. Også for fem år sidan prøvde SFK å "slanke" 5.divisjon. Den gong vart forslaget stemt ned.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
RPC: Damelaget utslått på mål |
|
Skrive av Administrator
|
|
lørdag 08. november 2008 |
Sunnylven IL arrangerer KM for damer. Stordal sitt damelag spelte laurdag KM i Strandahallen. I den første kampen blei det braktap for Fortuna 2. I den andre kampen vann Stordal 6-4 over Ellingsøy. Med seier over Bergsøy i den siste kampen ville Stordal gått til kvartfinale. Men, med uavgjort 4-4 er turneringa over. For fleire resultat, nytt denne linken til sunnylven.no Laurdag går også junior-KM på Godøya. Her kan du følgje utviklinga løpande på Godøy sin IMPONERANDE livescore
|
|
Les meir…
|
|
|
I.P.Huse-hallen ferdig på Harøya |
|
Skrive av John Øie
|
|
fredag 07. november 2008 |
Ny flott fotballhall tatt i bruk på Harøya. Sist helg var ein jubeldag for fotballen på Harøya. Då var den splitter nye "fotballhallen" speleklar. Over 40 oldboys (!) møtte til den første treninga måndag kveld... På Stranda blir det trenarskifte. Thomas Roset tek over tøylane etter tre år med Ødegård/Hovde ved roret. Stordal sitt damelag spelar km på Stranda laurdag. På laurdagens fotballfest i Stordal er over 50 påmeldt
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
RPC: Puljene ferdig trekt |
|
Skrive av John Øie
|
|
tirsdag 04. november 2008 |
Tirsdag 4. 11. frå klokka 1900 kunne du følgje trekninga av dei innledande gruppene i senior-km i Stordalshallen. Den andre bolken spelar paralellt i Brattvåghallen. Vi har komplette puljer og kampoppsett
Det er 22. og 23. november som er sett av til dei 40 kampane. Dei to beste i kvar pulje går vidare til sluttspelet i Giskehallen 6. og 7. desember (arr. Valder IL). Stordal 1 skal i aksjon frå laurdag 22. nov, frå klokka 1500. Søndagen er det Stordal 2 som skal i aksjon.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|