|
- Nytt sjansen; Stordal - Bergsøy 2 fredag |
|
|
|
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 28. juni 2012 |
Sifyan er nesten kvitt skadene. Når Stordal møter Bergsøy 2 fredag er dette noko du bør få med deg; Den neste heimekampen kjem nemleg ikkje før den 19. september... Det er mange år mellom kvar gong eit sunnmørsk 2.lag spelar for 250 tilskodarar, men dette er ikkje urealistisk når Stordal-Bergsøy 2 innledar den 32. Stordalscupen
PS! Onsdag vann Emblem 3-1 i den vanskelege bortekampen mot Hasundgot
-Gleder oss
Stordal.nu tok ein prat med Stig Johansen etter den siste treninga før sommarpausa. Han lovar eit angrepsvilleg heimelag når folkefesten Stordalscup skal innledast fredag kveld.
Stig Johansen gleder seg til ny heimekamp. - Møt opp, oppfordrar han!
- Jada. Vi har ein gira gjeng som gleder seg. Og mange som har lyst til å spele.
Både Sindre, Lars Eivind og Adrian ser truleg ut til å rekke kampen. Dermed må Stordalstrenaren velgje ut sin tropp blant nær 30 spelarar. Slett ikkje vanleg for ein klubb i 5.divisjon.
Stig har vore svært flink til å fordele speletid på sine elevar denne sesongen. Så snart gultrøyene har opparbeidd seg eit godt forsprang, har spelarbyta kome tett i år. I over halvparten av kampane har Stig sett innpå fem eller fleire innbytarar.
Sånn blir det nok også no. Iallefall dersom kampen får ei "normal" utvikling.
- Vi veit sjølvsagt ikkje kva skyts Bergsøy kjem med. Men, uansett kjem vi til å fokusere på oss sjølve. Vi har levert ein svært solid første halvdel av sesongen og har ikkje noko press på oss. Uansett utfall vil vi toppe tabellen, med solid avstand nedover til den magiske 3.plassen (Vartdal).
Sifyan har vore mykje skadd i si tid i Stordal
Han fekk mest heile hausten spolert i fjor, grunna skader. Også i år har Sifyan slite med skader, men situasjonen ser langtlysare ut no, enn for berre ein månad sidan.
Sifyan er opprinneleg frå Syria - og kom til Stordal før forrige sesong. Mannen har ein glitrande teknikk og speleforståing og har blitt ein liten publikumsfavoritt på Kirkebø.
Mot Åheim på måndag sette han inn sitt første mål for sesongen (det fjerde totalt), då han nikka inn hjørnesparket til 3-0.
(fotos: John Øie)
Sosialt
Etter kampen legg Fotballgruppa i Stordal opp til ei sosial avslutning, med dei fleste spelarane og støtteapparat tilstades. Eit 35 tals personar er truleg med ned i skogkanten, der "cupgrillane" skal testast ut fredag kveld.
- Det kan bli triveleg, det òg...
- For meir info om denne storhelga i Stordal, sjekk www.stordalscup.no
5.divisjon
Hasundgot - Emblem 1 - 3 (0 - 3)
Emblem hadde meir plunder med Hasundgot enn resultatet kanskje tilseier. Tor Arne Røsberg i Emblem-målet leverte ein solid kamp mellom stengene, og skal ha mykje av ære for at dette gjekk bra, melder outzide.com. På ein middels dag var det Vegard Rongve, Jim Tore Humborstad og Robin Diallo som scora for Emblem.
Ruben Muren gjorde seriemål nr. 200 i årets 5.divisjon, då han reduserte for heimelaget etter pause.
- Les meir om kampen - og 5.divisjon generellt - på http://www.outzide.com
tabellen
| 1 |
 |
Stordal |
|
|
|
8 |
7 |
1 |
0 |
|
28 |
: |
7 |
21 |
|
22 |
| 2 |
 |
Emblem |
|
|
|
9 |
6 |
2 |
1 |
|
38 |
: |
15 |
23 |
|
20 |
| 3 |
 |
Vartdal |
|
|
|
8 |
4 |
2 |
2 |
|
31 |
: |
15 |
16 |
|
14 |
| 4 |
 |
Herd 2 |
|
|
|
8 |
3 |
1 |
4 |
|
19 |
: |
21 |
-2 |
|
10 |
| 5 |
 |
Åheim |
|
|
|
8 |
3 |
1 |
4 |
|
15 |
: |
47 |
-32 |
|
10 |
| 6 |
 |
Hovdebygda/Volda 2 |
|
|
|
8 |
2 |
2 |
4 |
|
24 |
: |
16 |
8 |
|
8 |
| 7 |
 |
Vigra |
|
|
|
8 |
2 |
2 |
4 |
|
15 |
: |
24 |
-9 |
|
8 |
| 8 |
 |
Hasundgot |
|
|
|
9 |
2 |
1 |
6 |
|
18 |
: |
28 |
-10 |
|
7 |
| 9 |
 |
Bergsøy 2 |
|
|
|
8 |
2 |
0 |
6 |
|
12 |
: |
27 |
-15 |
|
6 |
Første kamp etter ferien er Herd 2-Åheim 12. august
Powered by AkoComment! |
|
Sist oppdatert ( torsdag 28. juni 2012 )
|