To kampar på 4 dagar for Hans Martin. Stordal møter Åheim til seriekamp på Kirkebø måndag kveld, med avspark 1930. Etter det stordal.nu kjener til vil heimelaget stille med minst ein debutant. I tillegg er det klart at Jon Espen Joranger er tilbake i rekkene etter fleire år i Bergen
Travel veke Stordal går ei travel veke i møte. Først kjem Åheim på besøk måndag. Fire dagar seinare er det Bersgøy 2 som kjem til Kirkebø. Etterpå blir det ein svært langt fotballferie, til langt ut i august.
Full pott Stordal har feilfri statistikk på heimebane hittil i år. Seier på måndag betyr at Stordal vil ha 5 poeng ned til Emblem og heile 8 ned til Vartdal - etter halvspelt serie
Småskummel... Hans Martin Homlong & co må tole å bere eit klart favorittstempel mot dei blåhvite frå Vanylven. Åheim har svinga voldsomt i heile år - men står utan poeng på bortebane.
- Vi må ikkje tru at dette blir nokon lett match, seier strategen Hans Martin Homlong til stordal.nu. Han lovar full gass og full skjerpings over heile fjøla.
Jon Espen tilbake
Jon Espen Joranger
Elles er det klart at Jon Espen Joranger er tilbake i Stordal. Han har dei siste sesongane spelt for Norna Salhus i Bergens-området. Teoretisk sett er det dermed godt muleg at 3 blad Joranger får speletid denne måndagen.
Ein som heilt sikkert får speletid måndag er den nye keeperen som Stordal har signert. Adrian Nakken er på ferie og dermed er det duka for ein ny mann mellom stengene. Kven dette er blir avslørt på stadion måndag kveld...