|
Stordal slo Herd 2 med 4 - 2 |
|
|
|
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 09. mai 2012 |
Stordal tok sin tredje strake, då Herd 2 blei sendt heim med 2-4 onsdag. Heimelaget kom kjapt opp i to måls forsprang, og hadde god kontroll på eit godt Herd-lag. På fem minutt mot slutten av kampen reduserte Herd to gongar, berre for å oppleve at heimelaget kvitterte med nye mål i påfølgjande angrep.. Sindre, Geir Marius, Thomas og Kenneth putta for gultrøyene Smileys ute
5.divisjon
Stordal - Herd 2 4 - 2 (2 - 0)
Kirkebø stadion, kgb
50 tilskodarar
Mål:
1 - 0 (11) Sindre Holtleite
2 - 0 (24) Geir Marius Øie
2 - 1 (76) Kenneth Diallo
3 - 1 (77) Thomas Kirkebøe
3 - 2 (79) Bjørnar Johansen
4 - 2 (81) Kenneth Søvik
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL
Ingen kort
Stordal:
Adrian Nakken
Lars Eivind Joranger (Sondre Nygård Øvrebust frå 32.)
Andreas Kirkebøe
Hans Martin Homlong
Kristoffer Joranger
Thomas Kirkebøe
Geir Marius Øie
Kjetil Tøsse (Kenneth Søvik frå 65.)
Sifyan (Robin Aasen frå 38.)
Jørgen Vinje Tøsse (Andreas Øie frå 83.)
Sindre Holtleite (Petter A. Kirkebøe frå 55.)
 Andreas (K)
Geir Marius
Jørgen
Kristoffer
Stordal tok 3 velfortente poeng etter ein god fotballkamp mot sterke Herd 2. Stordal la grunnlaget for seieren etter ein svært solid første omgang. Jamnare dei siste 45, men aldri nokon fare for heimeseieren.
Sindre gjorde tidleg 1-0 då han frå kort hald sette kontant inn det gode legget frå Lars Eivind. Geir Marius dobla ledelsen då han enkelt stanga inn 2-0 etter eit langt frispark frå Andreas.
Herd reduserte eitt kvarter før slutt ved Kenneth Diallo. I Angrepet etter var Stordal igjen to framom, då Thomas kontant skaut inn 3-1.
Like etter var det duka for ei ny redusering, igjen av den lettkjøpte sorten. Bjørnar Joahnsen let seg ikkje be to gongar då han fekk alt servert...
90 sekund seinare tok heimelaget tilbake forspranget på to mål, då innbytar Kenneth banka inn 4-2 etter hjørnespark.
Kort summert leverte Stordal sin til no beste kamp i årets 5.divisjon. Ballen gjekk raskt og presist i lengderetninga før pause - og rulla opp angrep på angrep.
Herd hadde mykje av midtbana i denne kampen, men seg ikkje til store sjansar før heilt mot slutten.
Powered by AkoComment! |
|
Sist oppdatert ( mandag 14. mai 2012 )
|