|
- Stordal har alltid betydd mykje |
|
|
|
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 24. oktober 2011 |
Jonathan Parr-drakter til Stordalshallen. - Har du lyst til å sjå drakta til ein Norgesmester i fotball, ei landslagsdrakt eller trøya til Crystal Palace? - Då kan du gå til Stordalshallen. For der vil du snart finne den eksklusive samlinga av Jonathan Parr sine debut-drakter. - Draktene skal oppbevarast i Stordal - fordi Jonathan sjølv ønskjer det, sa faren Roger under overrekkinga søndag
Nært forhold
Jonathan Parr har alltid hatt eit sterk forhold til Stordal. Sjølv om han er oppvaksen på Holmlia i Oslo. Med mor frå Stranda og far frå Dyrkorn blei det no slik at feriar og høgtider ofte gjekk "heim att" til Sunnmøre for familien Parr.
Jonathan Parr - då han debuterte i AaFK etter overgangen frå Lyn.
Og endå hyppigare besøk blei det då Jonathan fekk kontrakt med AaFK for over 3 år sidan. Sidan då har lysluggen ofte vore observert i indre strøk. Både i det flotte tur- og fjellterrenget her inne i Storfjorden - men sjølvsagt også der ein kan finne ein fotball.
I sommar deltok bl.a Holmia med sitt guttelag under Stordalscupen, Sjølvsagt med fleire blad Parr innvolvert, både på og utanfor bana.
Holmlia sitt guttelag, fotografert som ivrige tilhengarar under Stordal sin seriekamp mot Harøy i juli.
Bak til venstre sit to blad Parr, ein komande (?) og ein no verande fotballproff med hjerte i Stordal
Kunne ha seld
Det var i pausa under søndagens seriekamp at faren Roger Parr overrekte dei første Jonathan-draktene til Stordal - og Stordalshallen.
Og draktene det er snakk om er: Jonathan si første Lyn-drakt Jonathan sin seriedebut i AaFK. Jonathan si drakt under NM-finalen 2009 (som AaFK vann), Jonathan si første landslagsdrakt og sjølvsagt også den aller første drakta i London-klubben Crystal Palace, der Jonathan no er etter overgongen i sommar. Alle sjølvsagt med signaturerar og det heile.
- Vi (far og son) la faktisk ut cupfinaledrakta for salg på finn.no, seier Roger Parr. Og det kom inn fleire bud, i titusenkroners-klassa fortel Roger til stordal.nu.
- Men, Jonathan hadde ikkje lyst til "å kvitte" seg med det drakta og minnet ved å selge - og dermed måtte vi finne på noko anna.
- Kjempeidè
Og det angrar nok ikkje verken ordførar Charles Tøsse eller dagleg leiar for Stordalshallen, Hallgeir Hove for. - Reint umiddelbart får vi nok ei utfordring i akkurat kvar vi skal henge opp draktene, men dette skal vi nok finne ut av, seier ein oppglødd Hallgeir Hove.
- Dette er ein stor dag for Stordal og Stordalsfotballen, skyt ordførar Charles Tøsse inn. - Vi er stolte av å ha ein ambassadør som Jonathan. Eit forebilde for mange
For eiga rekning kan vi legge til at "Stordalskolonien" på Color Line i årevis har hatt faste plassar rett ovanfor spelartunnellen. Etter kvar einaste CLS-kamp stoppa alltid Jonathan opp for å helse på kjentfolk. - Det skal du vite at veldig mange har sett stor pris på, Jonathan!
Det var liksom noko spesiellt med mannen i drakt nr. 14. No er iallefall drakta i Stordalshallen.

Ordførar Charles Tøsse (tv), Roger Parr og Hallgeir Hove, med AaFK-drakta som Jonathan blei Norgesmester med i 2009
(fotos: John Øie)
Powered by AkoComment! |
|
Sist oppdatert ( mandag 24. oktober 2011 )
|