Ansvarlig redaktør:
John Øie Medarbeiderar: John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
5.div: Brattvåg 2 ut av serien
Skrive av John Øie
mandag 14. juni 2010
Brattvåg 2 er ute av serien. Etter sju tap på åtte kampar. Laget skulle egentleg ha møtt Stranda 2 til sin niande kamp for sesongen søndag. No blir istaden alle BIL 2 sine kampar strokne. Uten at dette får særlege konsekvensar på tabellen.
Betyr lite
Berre Giske har tapt for BIL 2 i år, derfor får ikkje kanselleringa av BIL-kampane nokon konsekvens verken for topplaga eller dei andre.
Men dette betyr at laga får to færre kampar i sesongen, totalt 20.
BIL 2 var opprinneleg sett opp i avdelling 2 (den med berre sju lag). Med Brattvåg 2 ute er det dermed berre fem toarlag igjen på heile Sunnmøre. (AaFK 2, Hødd 2, Hareid 2, Bergsøy 2 og Stranda 2)
MSIL vann toppkampen
Harøy - MSIL 1 - 2 (0 - 2)
"Umulege" Stian G Hellevik sørga for tomålsforsprang til MSIL etter første omgang. Dermed står Hellevik med 22 seriemål etter 10 kampar. Eivind Harnes tende håp om poeng då han reduserte etter pause.