Neste kamp Stordal

5.div: Ny klar Emblem-seier PDF Skriv ut E-post
Skrive av John Øie   
mandag 31. mai 2010
Emblem og Stranda 2 tjuvstarta den 8. serierunden i 5.divisjon. Og denne gongen snubla ikkje Emblem mot strandarane. 5-0 stod det til slutt, dermed smatt Emblem forbi MSIL på tabellen. I ein hengekamp søndag vann Aksla 7-4 over Lepsøy.


5.divisjon
Aksla - Lepsøy 7 - 4 (3 - 2)
Mange mål i denne hengekampen, der Lepsøy henta inn Aksla-ledelsen tre gongar i Ratvika søndag. Men, etter at Aksla gjekk opp i 4-3 var det slutt for øylaget. For Lepsøy scora Martin Farstad, Rune Rønstad, Magnus Seth og Geir Seth. Målscorarane til Aksla, foreløpig eit mysterium...


Emblem - Stranda 2 5 - 0 (3 - 0)
I fjor vann Stranda 2 tilsvarande kamp på Emblem, etter seiersmål i sluttminutta. Stranda 2 hang godt med det første kvarteret, men måtte etterkvart spele 2.fiolin på Emblem måndag kveld. For Emblem scora Jan Magne Sollibakke 2, Erlend Larsen, Yngve Steffensen og Stian Røsgård. Som sist (mot Giske) skusla Emblem vekk mange sjansar.

onsdag
Hessa - Ravn
HaNo - Aksla
Lepsøy - MSIL
Giske - Brattvåg 2

laurdag
Harøy - Stordal (livescore frå 1230 her på stordal.nu)
 


1 Emblem ↗       8 6 1 1   26 : 15 11   19
2 MSIL ↗       7 6 0 1   37 : 12 25   18
3 Harøy ↗       6 5 0 1   31 : 15 16   15
4 Ravn ↗       7 4 2 1   14 : 6 8   14
5 Hessa ↗       7 4 0 3   26 : 23 3   12
6 HaNo ↗       7 4 0 3   17 : 21 -4   12
7 Stordal ↗       7 3 2 2   19 : 14 5   11
8 Aksla ↗       7 3 0 4   24 : 31 -7   9
9 Lepsøy ↗       7 1 1 5   17 : 20 -3   4
10 Stranda 2 ↗       8 1 1 6   11 : 28 -17   4
11 Giske ↗       7 1 1 5   12 : 31 -19   4
12 Brattvåg 2 ↗       6 0 0 6   8 : 26 -18   0


Kommentarar
  • Usakelige kommentarar vil bli sletta
Navn:
Epost
Heimeside
Tittel:
Kommentar:

Kode:* Code

Powered by AkoComment!

Sist oppdatert ( mandag 31. mai 2010 )
 
< Forrige   Neste >
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.