Neste kamp Stordal

Stordal slapp med skrekken PDF Skriv ut E-post
Skrive av John Øie   
onsdag 26. mai 2010
 Andreas scora på frispark - 47 meter frå mål! Stordal var heldig som ikkje låg under til pause mot Hessa. For etter ein frisk start sovna gultrøyene fullstendig inn siste 20 minutta før kvilen. Ein liten "pep-talk" i pausa og to kjappe scoringar signert Kirkebøe-brødrene tidleg i andre omgang var det som skulle til for å vippe kampen tilbake - og seier 5-2 over Hessa.









5.divisjon
Stordal - Hessa 5 - 2 (1 - 1)
Kirkebø stadion, kgb
60 tilskodarar

Mål:
1 - 0 (  9) Kenneth Skrede
1 - 1 (27) Ramsy Suleiman
2 - 1 (54) Petter Aksel Kirkebøe
3 - 1 (55) Andreas Kirkebøe
3 - 2 (62) Stefan Ommedal
4 - 2 (72) Kenneth Skrede
5 - 2 (90) Hans Martin Homlong

Dommar: Per Bjarte Ludvigsen, Ørskog

Gult kort: 1 til Stordal

Stordal: Adrian Nakken, Lars Eivind Joranger, Andreas Kirkebøe, Hans Martin Homlong, Kristoffer Joranger, Thomas Kirkebøe, Sondre Nygård Øvrebust, Geir Marius Øie, Kenneth Skrede, Petter Aksel Kirkebøe og Kenneth Søvik
Også nytta: Trygve Morkemo, Ola Grønningsæter, Jørgen Tøsse og Eirik Nakken Nilsen

Cool Andreas
Cool Hans Martin
Cool Kenneth (Skrede)



Det svingar av Stordal

Kvartetten som kom på scoringslista - og sørga for ein komfortabel Stordal-seier over nystarta Hessa.. Frå venstre Andreas Kirkebøe, Hans Martin Homlong og Petter Aksel Kirkebøe. Framme ser vi tomålscorar Kenneth Skrede.

Sesongen 2010 har til no vist eit Stordal som kan prestere kva som helst. Frå til heilt store, til det mildt sagt elendige. Mot Hessa blei det mest av det siste. Men, det gjorde ikkje så mykje denne kvelden, for også dei raudkvite hadde mykje rusk i maskineriet...


2 mål på eitt minutt
Veldig avgjerande for kamputfallet var det som skjedde mellom det niande og tiande speleminuttet etter pause. Først sette Petter Aksel inn ein "Daniel Nannskog", då han tuppa inn ledarmålet etter presist legg frå lillebror Thomas (kopi av 1-0 scoringa mellom Stabæk og Start i helga)

Minuttet seinare ville også den mellomste Kirkebøe-broren vere med på moroa. Han gjorde likegodt alt sjølv - ved å sette eit frispark frå 47 meter direkte i mål, via bakken!

Kenneth Skrede scora to mål for heimelaget i kveld - og var berre eit stolpetreff frå å sette inn sitt tredje. Tidleg i kampen sende han Stordal i ledelsen 1-0 etter ei "styring" frå ei Kenneth Søvik-avslutning.

 Kenneth Skrede scora to viktige mål mot Hessa. Han gjorde 1-0 på "ei styring" tidleg og seinare 4-2 etter eit flott angrep, og legg gjennom midten frå Geir Marius.

Skrede var også mannen bak den viktige 4-2 scoringa, få minutt etter Hessa si redusering til 2-3. Skrede avslutta med å rulla ballen til side for keeper etter ein fin stikkar frå Geir Marius.

Heilt på tampen av kampen teikna også Hans Martin seg på lista. Han banka inn 5-2 etter eit hjørnepsark.


Hessa overtok
Hessa begynte roleg, men tok seg gradvis inn i kampen. Siste del av første omgang sat vi berre å venta på at gjestane skulle gå i ledelsen, etter at Ramsy Suleiman først hadde kvittert til 1-1. Men, Stordal kunne - kanskje litt heldig - gå til pause på 1-1. Mot MSIL sist gjekk det gale, i kveld slapp gultrøyene med skrekken....

Sjølv om Hessa reduserte til 2-3 ved Stefan Ommedal stod Stordal distansen ut langt betre enn i forrige heimekamp. På begge sider blei det skapt sjanser mot slutten - på same måten som begge lag gjorde flust med personlege feil.

Heldigvis var det Stordal som sette inn kampens sjette mål - og som dermed sikra seg ein fin skalp.


Tøvete kort
Mot MSIL sist greidde Stordal å tulle på seg gult kort for feil innbytte (då fekk dommaren med seg berre eitt av to feil byter som Stordal gjorde). I kveld mot Hessa blei det på nytt hanka inn eit tullkort - for drikking av saft langt inne på bana.

Sjølv om Stordal har mange unge og urutinerte spelarar, må slike feil lukast vekk for framtida!




"Andy" - kongen
 Suverent best på Stordal i kveld var Andreas Kirkebøe. Han storkosa seg i midtforsvaret og var ryddegut når det måtte til.

Også framover gjorde "Andy" seg bemerka.

Frisparket rett innom midtbana skal normalt ikkje gå inn, men med motsol for keeper (og ein flaksande Geir Marius som uromoment) greidde Andreas for fjerde år på rad å score i serien på eit i utgangspunktet totalt ufarleg frispark.
- Slå den!


Vi gir også ros til Kenneth (Skrede) som avgjer kampen med to viktige mål.

Hans Martin leverer også ein flott kamp. Også han fekk kvelden krona med ei scoring.

Ungguten Kristoffer (17) gjer ein grei kamp på backen. Gledeleg å sjå at han ikkje er redd for å trø til.
.
Elles er det mange som har fleire knepp å gå på...










BRØLET var sjølvsagt på plass etter den klare seieren over Hessa. No ventar Harøy i neste runde. Blir det nytt seiersbrøl då?


1 MSIL ↗       7 6 0 1   37 : 12 25   18
2 Emblem ↗       7 5 1 1   21 : 15 6   16
3 Harøy ↗       6 5 0 1   31 : 15 16   15
4 Ravn ↗       7 4 2 1   14 : 6 8   14
5 Hessa ↗       7 4 0 3   26 : 23 3   12
6 HaNo ↗       7 4 0 3   17 : 21 -4   12
7 Stordal ↗       7 3 2 2   19 : 14 5   11
8 Aksla ↗       6 2 0 4   17 : 27 -10   6
9 Lepsøy ↗       6 1 1 4   13 : 13 0   4
10 Stranda 2 ↗       7 1 1 5   11 : 23 -12   4
11 Giske ↗       7 1 1 5   12 : 31 -19   4
12 Brattvåg 2 ↗       6 0 0 6   8 : 26 -18   0

Av observang 2010-05-27 20:07:05
Unggutten Kristoffer er vell strengt tatt ikkje meir enn 16 enda, noko som gjer prestasjonen enda betre!


Kommentarar
  • Usakelige kommentarar vil bli sletta
Navn:
Epost
Heimeside
Tittel:
Kommentar:

Kode:* Code

Powered by AkoComment!

Sist oppdatert ( onsdag 26. mai 2010 )
 
< Forrige   Neste >
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.