Ansvarlig redaktør:
John Øie Medarbeiderar: John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
5.div: Poengsjansar mot Lepsøy?
Skrive av John Øie
tirsdag 18. mai 2010
Onsdag reiser eit poenglystent Stordal til Lepsøy. Etter dårleg uttelling på dei siste kampane har Stordal rasa på tabellen. Kun seier no er derfor godt nok, skal gultrøyene vere med. Men, heimesterke Lepsøy gir nok neppe noko gratis..
Viktig kamp
Stordal åpna sesongen med to strake, men har seinare fått svært dårleg uttelling. Både på Stranda (tap 0-1) og på Vatne (1-1 mot Ravn) var det ein skuffa - og snytt gjeng som returnerte.
Noko enkel oppgåve ventar heller ikkje no. Lepsøy starta sesongen med tre strake bortetap (alle 1-2), før BIL 2 fekk unngjelde 7-2 i LIL sin første heimekamp. Heime på det fine Lepsøy-graset har raudtrøyene alltid vore sterke.
Etter det Stordal.nu kjenner til skal gultrøyene stille med same laget/mannskapet som mot MSIL..
Andre kampar Giske - Stranda 2 3 - 3 (3 - 2)
Stranda 2 fekk med seg eitt poeng frå Giske 16. mai. Håkon Mikal Dalen, evigunge Roy Valdal og eit sjølmål sørga for nettsusen til dei blåraude.
HaNo - Emblem 3 - 4 (0 - 3)
Emblem avgjorde meir eller mindre kampen før pause, då laget sikra seg eit forsprang på 3-0. HaNo greidde aldri å hente inn forspranget i andre omgang. To mål av Cato Longva og eitt (straffe på overtid) av Lars Petter Haram. Emblem sine målscorarar skal vi snappe opp seinare. Denne kampen gjekk tirsdag kveld