Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

- Tippar Stordal på 6.plass PDF Skriv ut E-post
Skrive av John Øie   
tirsdag 13. april 2010
Strandafotball trur MSIL og Hessa blir dei kvassaste i 5.divisjon (avdeling 1) i år. Våre naboar på baksida av Stordalsholmen meiner Emblem og HaNo kjem på plassane etter. Først på 6.plass finn vi gultrøyene på sesongtipset som strandafotball.no har lagt ut. Hovdebygda og Bergsøy 2 er utplukka som dei to største favorittane i avdeling 2, ifølgje Hareid-sida

Vurdert av strandafotball.no

1. MSIL

–> Stor stall med mange gode spelarar. Tidlegare spelarar som har efaring frå høgare divisjoner. Også eit godt treningsmiljø gjer at dette laget tar plassen forran “stjernegalleriet” til Hessa!

2. Hessa

–>Høyr berre her: Nils Ottar Sandø, Bjørn Erik Melland, Terje Ottersen, Marius Aam, Svein E Løseth, Stefan Ommedal, Kristian Dolmen (k) Christian Simonsen og mange fleire. Men dei rykker ikkje opp!!

3. Emblem

–> Har stallen og er styrka forran 2010, men dessverre så er det mange gode lag i 5.divisjon så Emblem må vente tilo 2011 for ny sjanse til opprykk

4. HaNo

–> Har tradisjon, men har mista Jan E Ulla til Brattvåg. Er ikkje nær opprykk dessverre.

5. Harøy

–> Har nokre svært gode spelarar, men vert for ustabilt.

6. Stordal

–> Tynn stall gjer  at eit spennande lag frå Stordal rasar ned på tabellen.

7. Ravn

–> Har fleire gode spelarar, men dette vert for tøft mot mange lag med bedre stallar.

8. Lepsøy

–> Geir Seth er ein lokal “stjernespelar” , men Lepsøy klarer aldri å få ei topp plassering, det er vell ingen målsetjing heller.

9. Aksla

–> Det vert for lite erafring i dette laget. Sjølv om mange av dei unge virkeleg imponerte oss i 2009. Kan vinne mot alle!

10. Brattvåg 2

–> Brattvåg har nok med å kjempe i toppen av 3.divisjon og vil stille ujamne lag, men kan stille lag som slår alle!

11. Stranda 2

–> Stranda 2 vil også i 2010 stille ganske jamne tropper. Dei 2-4 frå A-stallen får eit stort ansvar ilag med eit enormt pågangsmot og sosialt miljø til å ta poeng i ei tøff avdeling.

12. Giske

–> Har fått tilbake nokre “gamle” gode gutter, men dette vert for tøft Giske





Vurdert av Hareidil.no

1. Hovdebygda
Nest sist i 4.-divisjon i fjor. Har vore i 5.-divisjon fleire gonger på 2000-talet, men då i den gamle avdelinga. Som naturlegvis er betre enn årets, som liknar mest på gamle 6.-divisjon. Hovdebygda kan skilte med både gamle Bøgda-travarar, og ein del gode studentar. Har mista Frantz Frantzen og Obaki til Volda og Tony Ristesund til Vartdal, men har framleis ein bra stall. Kjem til å lide litt rundt sommaren, då studentane er vekk. Men sidan dette laget har såpass mange spelarar med erfaring frå 4.-divisjon (og endå høgare), så trur vi det held til topplasseringa. Espen Viddal scorar fort både 20 og 30 på dette nivået.

2. Bergsøy 2
Bergsøy har ambisjonar om å då dette laget opp i 4.-divisjon. Det betyr at dei i år prioriterer å fylle ellevaren med mange a-reservar i staden for å gi dei gamle BIL 2-travarane førsteretten på speletida. Og Bergsøy har ein breid a-lagsstall, og mange gode juniorar, så dei kjem heilt sikkert til å vere med i toppen (og kanskje lukte på opprykk).

3. Sunnylven
Spelte både i 3. og 4.-divisjon på 2000-talet, men hadde ein mager sesong i fjor som enda med klar sisteplass. Deira beste spelar Terje Haugen Øye har gått til Ørsta. Elles har vi ikkje så mykje å melde om dette laget. Men erfaringa dei har frå mange sesongar i 4.-divisjon på rad betyr at dei vil blande seg inn i tetsjiktet.

4. Hareid 2
Det vart 5.-plass i fjor, til trass for tabelleing midtvegs. Vi såg på tampen av sesongen i fjor at stallen var litt for tynn for ein lang sesong. Og at laget leid av ein svært skral treningssommar. Spelarstallen i år liknar fjorårets, men er litt fyldigare i år. Det hjelper på. Gunnar Ringstad er ei fin forsterkning, og signeringane av Stian Garnes og Arve Vestnes veg opp for at Åge Møgster og Alexander Paus ikkje er med i år. Laget er gode framover, spesielt om Peter Paus og John Anders Liaset scorar like jamt som dei har for vane. Sidan a-stallen er tynn er det sannsynleg at det heller ikkje i år blir brukt så mange a-spelarar. Og det gjer at eit lag som Bergsøy 2 skal ha eit fortinn på papiret. Men Hareid 2 høyrer heime på øvre halvdel.

5. Tjørvåg
Var fjorårets store hit. Spelte god fotball og fekk spele kvalik om opprykk. Vi baserer oss her på rykte, og dei seier at ein del spelarar har forlet skuta. Samtidig trur vi at det skal ein del til å halde oppe den same entusiasmen som laget hadde i fjor. Men: Klar fordel av å ha heimekampane sine på grus, eit underlag som også på dette nivået er ukjent for mange. Tjørvåg vil variere, men er gode nok til å hamne på topp fem.

6. Hasundgot
Eit lag det ikkje gjekk an å bli kloke på i fjor. Hadde ein av divisjonens beste stallar. Men fekk det sjeldan til, og tapte mange kampar mot antatt svakare motstand. Satsar i år på at dei mange unggutane som fekk prøve seg i fjor tar ytterlegare eit steg. I tillegg har dei mange gode spelarar med god erfaring, som Georg Olsen, Trond Haugland, Lars Henrik Hasund - og ikkje minst ringrevane Vidar Gjerde og Audun Wingsternes. Og kanskje spelar Georg Aursnes og Stig Haugland litt i år også? Dette laget vil variere. Ei midtplassering verkar naturleg.

7. Åheim
Satsa hardt på opprykk i fjor, men enda til slutt på 4.-plass. Som regel grei skuring mot dei svake laga, men sleit mot dei beste. Har stort sett eit ungt lag, med den raske og målfarlege Torgeir Halsen på topp. Har ein fordel av at mange lag slit med å motivere spelarane sine til ferjeturen til Åheim. Det kan høyrest vågalt ut å tippe Åheim under midten, men med tre nye lag er avdelinga endå tøffare i år enn i fjor.

8. Sæbø
Var midtlag i Ålesund-basert avdeling i fjor, der det var stor skilnad mellom dei beste og svakaste laga. Mista i fjor haust sin amerikanske trenar Emil van Embden (no i Hovdebygda) grunna svakt treningsoppmøte. Sæbø er det femte og svakaste seniorlaget i Ørsta, og har dermed ikkje lenger "førsterett" på dei gode spelarane i kommunen. Vi trur Sæbø vil slite på nedre halvdel i år.

9. Kvamsøy/Åram-VanKam 2
Det er opplest og vedteke at det er svært vanskeleg å ta poeng ute på Kvamsøya. Med 100 tilskodarar i ryggen og reisesjuke bortelag er det sjeldan dei taper der. Og likeins er ikkje Kvamsøy så mykje å skryte av på utebane. Vegard Støylen, lagets beste spelar, har gått til ÅVK. Men sidan dei har eit samarbeid med Kvamsøy, kan Støylen spele for Kvamsøy om han er innbyttar for ÅVK (kan jo i realiteten byttast inn etter to sekund). Kvamsøy enda under midten i fjor, og gjer det nok også denne sesongen.

10. Gjerdsvika

Heldt to lag bak seg på tabellen i fjor; Flø og Åheim. Det gjorde dei først og fremst grunna ei formidabel periode før sommarpausen. Gjerdsvika er ikkje kjent for store ambisjonar, og tar neppe ein nest sisteplass tungt. For vi skal vedde ganske mykje på at dei endar der denne sesongen.

11. Haddal
Eitt poeng var fasiten i fjor. Kva tilseier at det skal bli fleire i år? Jo, ein del nye spelarar, hovudsakleg skuleelevar er komne inn. Det kan godt hende at det blir både to og tre og fire poeng på dei i år, men alt anna enn sisteplass verkar utenkeleg.


Kommentarar
  • Usakelige kommentarar vil bli sletta
Navn:
Epost
Heimeside
Tittel:
Kommentar:

Kode:* Code

Powered by AkoComment!

Sist oppdatert ( tirsdag 13. april 2010 )
 
< Forrige   Neste >

Kven er online

Vi har 24 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.