Styret i Hareid IL Fotball vel på bakgrunn av enkelte spelarar og leiarar sin åtferd under lågdivisjonsturneringa Odden-cupen i Ulsteinvik 6. og 7. februar å trekkje Hareid IL Fotball sitt 2. lag frå årets seriespel i 5. divisjon.
På Hareid IL Fotball sitt årsmøte vart det vedteke at klubben skal ha ei satsing på Fair Play, haldningsskaping og positiv kultur for sesongen 2010. Styret er i gang med dette arbeidet på A-lagsnivå og yngres aldersgrupper. Det er styret si meining at seniorlaga i Hareid IL Fotball skal vere førebilete for born og ungdom i denne satsinga. Sjølv om styret ikkje har hatt tid til å skrive Fair Play-kontraktar med Hareid 2, er satsinga godt kjend blant spelarar og leiing.
Styret har henta inn rapport frå partane etter cupen. Det er styret si oppfatning at fleire enkeltspelarar har gjort grove brot på Hareid IL Fotball sine statuttar og vedtekne rettningslinjer. Domaren delte ut fleire raude og gule kort til Hareid 2 sine lag. Vidare er det utrykt at laget generelt hadde dårleg og til dels aggressiv åtferd, med krass og usømeleg ordbruk og kritikk av arrangør, dommarar og motstandarar. Styret kan ikkje sjå at leiing eller spelarar tok tak i situasjonane når dei oppsto, eller utover i cupen.
Hareid IL Fotball ber arrangør av Odden-cupen, motstandarlag, dommarar, fotballkretsen og publikum om orsaking.
Styret seier seg leie for at å trekkje laget går utover fleire "uskyldige" spelarar, og håper at dei finn seg andre lokale klubbar.
Ole Frank Bakken
Styreleiar Hareid A-fotball