|
Helgafreden har ikkje senka seg |
|
|
|
|
Skrive av John Øie
|
|
fredag 05. februar 2010 |
Stadig fleire engasjerer seg i spørsmålet om avdelingsoppsettet i 5.divisjon. Både norborg.com og Sunnmørsposten har "kasta seg" på karusellen, dei siste par dagane. Sjeldan har vel engasjementet vore større ein februardag på Sunnmøre. Det sluttar ikkje med dette...
Norborg.com har intervjua Ronny Ødegård
Ronny Ødegård var kanskje den aller ivrigaste imot omlegginga av 5. og 6.divisjon hausten 2008. Les heile intervjuet på norborg.com
Heilside i Sunnmørsposten
Også Sunnmørsposten har kasta seg på i debatten. I sin kommentar (kun papirutgåva) innledar Helge Skuseth med å spørre om kretsen er til for klubbane, eller omvendt...
Les "Grasrota raser i SFK"
5.div. klubbane gir ikkje opp
"Hendelsane" dei siste par dagane har slett ikkje sett nokon dempar på aktiviteten blant stadig fleire og fleire klubbar i 5.divisjon. Stordal.nu veit at fleire klubbar kjem til å bruke heile helga - om nødvendig - for å sikre seg nødvendig støtte mht til å kreve eit ekstraordinært kretsting. Derfor blir det no søkt støtte frå klubbar også i 3. og 4.divisjon
"Det verkar som om eit ekstraordinært Kretsting er einaste vegen å gå", uttaler fotballformann Kenneth Hansen til klubben si heimeside (HaNo FK).
Kommentarfelta her på stordal.nu blir også flittig brukt. Det står verken på vilje eller engasjement ute i klubbane, iallefall...
Hareid imot omlegging av 3.divisjon
Etter det Stordal.nu kjenner til er klubbane i 3.divisjon delt i spørsmålet om omlegging av 3.divisjon. Hareid kjem til å vere representert under forbundstinget på Lillestrøm om ein månad. Der vill han - med eit samla styre i ryggen - stemme imot omlegging.
| - Nei, dette støttar eg ikkje |
|
|
| - Ja, dette er eg enig i. |
|
|
| - Veit ikkje |
|
|
(Poll vi har hatt ute på stordal.nu)
Powered by AkoComment! |
|
Sist oppdatert ( fredag 05. februar 2010 )
|