|
SFK har sendt mail til klubbane |
|
|
|
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 03. februar 2010 |
SFK står fast på 3 avdelingar. SFK har no sendt ut eit skriv til klubbane i 5.divisjon, etter reaksjonar på avdelingsoppsettet. Dei spør om klubbane er tilfreds med oppsettet utifrå "gitte forutsetninger" og om klubbane ønskjer dobbel eller trippel serie. Men, å samle laga i to avd er ikkje tema i eposten... - Kan det gå mot ekstraordinært kretsting?
Epost til klubbane
Hovdebygda si heimeside, hil-fotball.net har fått tak i eposten klubbane har fått frå kretsen. Her er det 3 spørsmål klubbane blir bedt om å besvare.
Saksa frå hil-fotball.net
"Sunnmøre Fotballkrets har med bakgrunn i reaksjoner på avdelingsoppsettet for 5. divisjon, sendt ut et enkelt spørreskjema til klubbene i avdeling en og to. Ettersom vi ikke har mottatt reaksjoner fra lagene i avdeling tre (ytre søre), forutsetter vi at dere ikke har særlige innvendinger mot det forslaget som foreligger. Når det gjelder avdeling en og to så er alternativene til forslaget fra SFK, at det i stedet blir henholdsvis åtte og sju lag i hver avdeling, og at det alternativt spilles dobbel eller trippel serie. Klubbene bes om å behandle dette på en forsvarlig måte og gi SFK en rask tilbakemelding. Bare besvarelsene fra spørreskjemaet vil bli hensyntatt når SFK skal evaluere spørreundersøkelsen. Og vi presiserer altså at spørreskjemaet er sendt til klubbens offisielle e-post adresse. På forhånd takk! Mvh Sunnmøre Fotballkrets
- Vil ha 2 avdelingar
Stordal.nu kjenner til at protest på oppsettet vart sendt til kretsen i helga. I denne protesten var budskapet enkelt og klart:
2 avdelingar, på hhv 11 og 12 lag
Laga ønskjer å spele flest mulig kampar (les 18, 20, 22 kampar slik dei fleste laga har gjort sidan 70-talet)
Ein av klubbane i 5.divisjon tok før og i helga ein ringerunde til alle lag i avdeling 1 og 2. Etter det stordal.nu kjenner til skal minst 11 av dei 15 laga muntleg ha sagt ja til 2 avdelingar, ingen lag har sagt nei.. (Laga i avdeling 3 blei ikkje kontakta på ringerunden).
Ekstraordinært kretsting redninga?
Før helga kunne vi lese i Sunnmørsposten at berre eit kretstingvedtak kan endre på premissane for antal avdelingar. Neste kretsting står ikkje på programmet før i november.
Eit ekstraordninært kretsting må dermed på plass for å få endre på oppsettet. Ifølgje artikkelen i Sunnmørsposten krevst det at minimum ein tredjedel av klubbane stiller seg bak eit slikt krav.
Stordal.nu veit at det nødvendige fleirtalet eksisterar i klubbane alt i dag. Då står det berre igjen å få samle inn nok underskrifter...
PS!
Les også vår artikkel "60 % av laga samla i 5.div 2011".
- Kanskje kan ein gjeninnføre 6.divisjon igjen samtidig?
Les meir på heimesidene til
Hovdebygda
HaNo FK
Aksla IL
MSIL
Harøy
Powered by AkoComment! |
|
Sist oppdatert ( onsdag 03. februar 2010 )
|