Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

5.div: - Folket er fly forbanna PDF Skriv ut E-post
Skrive av John Øie   
fredag 29. januar 2010
Reaksjonane etter avdelingsoppsettet for 5.divisjon er sterke og kraftige. Folket er rett og slett i fyr og flamme på SFK og det dei meiner er eit "makkverk" av eit oppsett. Mange av klubbane i avdeling 1 (den med 9 lag) har alt vore i kontakt med kvarandre. Dei samlar seg no bak ein protest. Melodien synes også klar; 2 avdelingar på hhv 11 og 12 lag.



ENORM frustrasjon
SFK har på ingen måte skote gullfuglen med oppsettet som vart presentert i går. Reaksjonane er enorme ute i klubbane. Særleg kokar sinna blant ledarar og spelarar i "dødens gruppe", avdeling 1.

Fleire klubbledarar har ringt underteikna det siste døgnet. Dei er så oppgitt over SFK og dette oppsettet at dei rett og slett vurderer å gje seg med sin kjæraste hobby.

Også på ulike nettstader er reaksjonane sterke og krasse (sjå nederst).

Erfaringane frå det første året med "nye 5.divisjon" tilsa at SFK kunne få eit vanskeleg oppsett. Før jul gjekk bl.a debatten etter "prøveåret" heftig her på stordal.nu. (Forøvrig ei sak som SFK fann plass til på si eiga nettside)

Når SFK brukar argument som reiseavstandar som motiv for årets oppsett stoppar mange opp. Det er faktisk langt kortare frå Stordal til Vatne og Brattvåg og nordøyane td enn til Sæbø og Hovdebygda. Kor mange mil - og reisetimar - Stordal ville "ha spart" på å bli flytta over til avd 3 har vi ikkje rekna på, men det blir mange.

Men, for utkantklubbar som Stordal m.fl. har aldri reiseavstandar vore noko tema. Heller ikkje i år har Stordal eller andre lag meldt seg på for å spare kilometer. Dei har meldt seg på for å spele kampar! Slik dei alltid har gjort.

- Men, laga vil spele på like premissar.


2 avdelingar
Hadde SFK sondert terrenget på førehand, trur vi ganske så sikkert at fleirtalet av klubbar villle gått for ei løysing med to avdelingar.

Desse kunne - OG KAN - settast opp slik:

Avd sør  Avd nord 
Bergsøy 2  Harøy 
Haddal  HaNo 
Hareid 2  Lepsøy 
Hasundgot  Brattvåg 2 
Kvamsøy  Ravn 
Tjørvåg  Giske 
Åheim  Stordal 
Gjerdsvika  Stranda 2 
Hovdebygda  Sunnylven 
Sæbø   
1/2 lag frå Ålesund/Sula  2/3 lag frå Ålesund/Sula 
   
   

SFK sitt avdelingsoppsett:

  Avd. 1 Avd. 2 Avd. 3
1 Aksla Harøy Bergsøy 2
2 Emblem HaNo Haddal
3 Hessa Lepsøy Hareid 2
4 MSIL Brattvåg 2 Hasundgot
5 Sæbø Ravn Kvamsøy
6 Hovdebygda Giske Tjørvåg
7 Stranda 2   Åheim
8 Sunnylven   Gjerdsvika
9 Stordal    
       
  Dobbel serie Trippel serie Dobbel serie
  16 kamper 15 kamper 14 kamper



Samlar seg bak protest
Stordal.nu veit at fleire klubbar alt har vore i kontakt med kvarandre. Dei fleste laga (iallefall i avdeling 1) kjem truleg til å samle seg bak ein felles protest, der dei krev at oppsettet blir endra.

Klubbane vil også ha "føringar for kva som skjer i 2011", dersom forbundstinget vedtar omlegging av 3.divisjon i februar.

For konsekvensen av eit nytt seriesystem er at 7/8 av klubbane i 4.divisjon Sunnmøre 2010 blir flytta ned til 5.divisjon 2011. Og då snakkar ein i praksis om fleire divisjonar forskjell mellom dei sterkaste og svakaste.

- Truleg er ei gjenninnføring av 6.divisjon frå og med neste år tvingande nødvendig her på Sunnmøre. Iallefall dersom er skal bevare eit lite snev av harmoni og ro. Og då treng ein sesongen 2010 til å rangere laga.

Derfor trur stordal.nu at SFK tek til fornuft, kjem i dialog med klubbane og reverserer avdelingsoppsettet for 5.divisjon. - Noko anna går rett og slett ikkje an!


Følg debatten også på sidene til
MSIL
HaNo
Hovdebygda
(du må vere registrert for å kunne lese/skrive kommentarar)
Hareid


PS!
Underteikna gjer merksam på at stordal.nu er ei frittståande side, som ikkje nødvendigvis sympatiserer med Stordal IL sitt offisielle syn i denne saka.


Av Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. 2010-01-30 15:27:14
Det er i alle fall vanskeleg å sjå at krinsen kan ha planlagt konsekvensane av ei eventuell divisjonsomlegging. Legg dei opp til at dei laga som ønsker å spele i 5.-divisjon neste år skal spele kvalik om det til vinteren? Eller legg dei opp til at 6.-divisjon ikkje blir gjeninnført, slik at det blir eit endå større gap mellom dei beste og dårlegaste laga i 5.-divisjon (slik at det blir mange 20-0-kampar). Eg klarer i alle fall ikkje å sjå logikken, for eit eventuelt stor-nedrykk frå 3., 4. og 5.-divisjon kan dei ikkje ha teke hensyn til.  
 
Om dei på død og liv må ha 3 avdelingar så er det vel ikkje verre enn å ha 8 lag i to avdelingar og ei med 7 og spele trippel serie? Avdelingsvinnarane rykkjer rett opp, medan dei beste i kvar avdeling held seg i 5.-divisjon (til dømes blir 5.-divisjon i 2011 med seks lag frå 4.-divisjon 2010 og seks lag frå 5.-divisjon 2010) og så rykker resten ned til 6.-divisjon. 
 
Av Eldar Nevstad, Aksla IL 2010-02-01 10:57:55
Kretsen bør selvsagt reversere dette håpløse oppsettet og utarbeide nytt oppsett basert på to avdelinger. Lag som eventuellt ikke makter å stille lag i rundt 20 kamper i sesongen, bør heller droppe 5.div og melde seg på i 7'er.
Av Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. 2010-02-05 15:37:14
Her er kopi av Åheim sitt svar til SFK i forbindelse med avdelingsoppsettet for 5.div 2010: 
 
Til Sunnmøre Fotballkrets Åheim 02.02.2010 
 
Viser til avdelingsoppsettet for 5.divisjon 2010 som vi mottok pr mail 28.01.2010.  
 
Åheim IL har fylgjande kommentar: 
Oppsettet for 5.divisjon 2010 gir eit sportsleg tilbod som, mildt sagt, ikkje held mål i det heile. Åheim er plassert i avdeling 3 i lag med 7 andre lag og dobbel serie gir 14, FJORTEN, kampar! Dette er mindre enn det ein spelar i småjente- og smågutteklassene! Med dette kamtilbodet reknar vi med at det kanskje vert bortimot to månader ferie i sommar og for publikum det vert truleg 4 heimekampar i vårsesongen og 3 til hausten!! 
 
Åheim er ein utkant i kretsen og vi er ein utkant når det gjeld skuletilbod og arbeidsplassar. Etter ungdomskulen flyttar dei fleste ungdomar vekk på hybel til Volda, Ulsteinvik eller Ålesund. Vi arbeider hardt for å halde igang eit seniorlag for at ungdomane skal ha ei knytning heim att til bygda. Vi trenar 3 gongar i veka frå tidleg i januar: mandagane eigentrening lokalt, fredag fellestrening på Åheim og kvar onsdag møtes laget i Ulsteinvik der vi leiger Høddvoll for å få ei ekstra fellestrening pr veke. Til disse treningane kjem det to bilar frå Ålesund og vi andre reiser med idrettslagsbussen frå Åheim. Avreise er kl 17.30, heime igjen kl 23.15, nesten 6 timar! 
 
Motivasjonen til trenarar og spelarar gikk ned MANGE hakk når vi fekk sjå det MINIMALE kamptilbodet kretsen har lagt fram. Faktum er no at vi står i fare for å miste dei mest ambisiøse, dei beste og mest bærande spelarane. Dei ser ikkje vitsen med å trene ein heil sesong når kamptilbodet vert så dårleg. Slik situasjonen er no, er det aktuelt for Åheim å trekke laget frå serien 2010 fordi spelarane forlet klubben.  
Dei siste åra har mykje vorte lagt til rette for at dei minste og minst satsande klubbane skal klare å henge med ein heil sesong. Krets og andre klubbar har måtta justere seg ned på nivået til dei som orkar minst. Det har medført m.a. få kampar og geografisk oppdelte puljer som gir korte reiser og minimal belastning. 
 
Åheim IL foreslår hermed at kretsen sender ut nytt avdelingsoppsett for 5.divisjon 2010.  
Alternativ 1: 
Avdeling 3 vert som opprinneleg foreslege, men spelar TRIPPEL serie, i alt 21 kampar. 
Alternativ 2: 
Lag nytt oppsett med kun 2 avdelingar for 5.divisjon. Flytt f.eks Sæbø, Hovdebygda og MSIL (el Sunnylven) inn ilag med dei laga som er satt opp i noværande avd. 3. Det gir 11 lag totalt, 20 kampar. Slå resten av laga saman i ei nordre avdeling med 12 lag totalt, 22 kampar. 
Vi tek det for gitt at det vert 6.divisjon i 2011 og det bør frå 5 divisjon stå igjen til saman 12 lag for ei 5.divisjonsavdeling i 2011. 
 
Vi håpar at SFK tek vår tilbakemelding opp med resten av klubbane og håper på ei løysing som gir eit sportsleg forsvarleg tilod også for lag som satsar. Det vil gjer at vi får behalde spelarane våre og dermed slepp å trekkje laget frå serien. 
 
 
Mvh 
Trenarane til Åheim IL fotball 
 
 
Stig Rune Løvold Henning Hansen Leif Løvold 


Kommentarar
  • Usakelige kommentarar vil bli sletta
Navn:
Epost
Heimeside
Tittel:
Kommentar:

Kode:* Code

Powered by AkoComment!

Sist oppdatert ( lørdag 30. januar 2010 )
 
< Forrige   Neste >

Kven er online

Vi har 12 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.