Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

RPC G14: HØDD vart kretsmester PDF Skriv ut E-post
Skrive av John Øie   
søndag 29. november 2009
 Hødd er kretsmester i Futsal, klasse G14. I finalen mot Langevåg Lion scora Hallbjørn Hasund Thorseth to gongar for dei blåkvite frå Ulstein. Herd United kom på tredjeplass. Skodje sin Sondre Beite vart toppscorar, med 15 mål. AaFK-spelaren Aleksander Steffensen blei kåra til turneringas beste spelar.








Her er Hødd sitt finalelag.



Gleda var ubeskriveleg etter 2-0 seieren over Langevåg Lion i finalen.


I tillegg til lagpokal og Rica sin "frivillighetspris" fekk både spelarar og ledarar på Hødd T-skjorter frå Stordalshallen.

- Vi gratulerer Hødd med KM-tittelen!


Langevåg Lion måtte konstatere at Hødd blei for sterke i finalen. Gultrøyene leverte ei svært sterk turnering.

- Vi gratulerer Langevåg Lion med sølv!



Herd United kom på tredjeplass, etter seier over AaFK i bronsefinalen.

- Vi gratulerer Herd United med bronsen!



Mykje stang ut for AaFK på slutten. I semifinalen mot Hødd rauk dei oransje ut på hjørnespark. Også i bronsefinalen mot Herd var det tett - og jamnt.. Uansett ei god turnering også for AaFK!



Skodje spelte seg fram til kvartfinale, der dei gulkledde møtte overmakta i AaFK.



Stranda rauk ut etter Golden Goal i sin kvartfinale. Heilt på tampen i andre ekstraomgang avgjorde "løvene frå Langevåg"



Ørsta gul var svært tilfreds med å kvalifisere seg for kvartfinalen. Men, eitt baklengsmål mot Hødd vart eitt for mykje, dermed var Ørsta ute.



Hareid leverte også ei sterk turnering. Som einaste lag gjekk Hareid gjennom puljespelet utan baklengsmål. Heller ikkje i kvartfinalen mot Herd slapp dei raude inn mål (verken i kampen eller på golden goal). Istaden rauk Hareid ut på antall hjørnespark (2-7)




Med 15 mål var Sondre Beite, Skodje,  i ei klasse for seg sjølv på scoringslistene.



Hessa måtte seie takk for seg etter mellomspelet.


Brattvåg gul si ferd stoppa også i mellomspelet.
.


Sykkylven 1 nådde heller ikkje fram til kvartfinalane.


Langevåg Tiger rauk også ut etter mellomspelet søndag.

For alle resultat og tabellar viser vi til vår LIVESCORE-service



Flott helg!

 Stordal IL, Fotball nyttar anledninga til å takke spelarar, trenarar, oppmenn, dommarar, foreldre og publikum for ei flott helg i Stordalshallen.

Takk også til alle funksjonærane som stod på, seint som tidleg.


PS
Etter at vi har vaska og rydda har vi funne litt av kvart i garderober og andre stader. Den som evt manglar noko må ta kontakt med ein i arrangørkorpset.

Sist oppdatert ( søndag 29. november 2009 )
 
< Forrige   Neste >

Kven er online

Vi har 13 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.