Neste kamp Stordal

Resultatservice

5 div sunnmøre 2010

Avstemning

Skal 60 % av alle seniorlag på Sunnmøre spele 5.div neste år?
 

Brukar login

omstordalnu

Ansvarlig redaktør:
John Øie
Medarbeiderar:
John Kristian Hjelle,
Elin Amdam,
Thomas Kirkebøe
Webmaster:
Petter Aksel Kirkebøe

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 

Cupen: - Kan ikkje få det betre! PDF Skriv ut E-post
Skrive av John Øie   
søndag 28. juni 2009
stordalscup09sondag 035Leidulf Årvik storkosa seg på Stordalscupen søndag.- Ingen lagar ein betre fotballcup enn Stordal! Opplegget er gjennomført og både barna og dei vaksne trivst - heile tida. stordalscup09sondag 022Med 27 grader midt på søndagen hadde strandaren Leidulf Årvik det perfekt i godstolen. Som han hadde slått opp i sentrum. Midt på Kirkebø stadion.
 
Martha og Mari smilte om kapp med sola
- Sjå bilda frå Kirkebø stadion, søndag!






Varmt
Den varmaste dagen under Stordalscup 2009 er over. Også søndag var fleire tusen innom den populære turneringa. Kanskje ikkje like mange som dagen før, truleg ein stad mellom 2.500 og 3.000 besøkande.

Ein betre start for neste års cup er det knapt nok muleg å få. For Stordalscup er noko som alle vil tilbake til. Allerede neste år.

Mange lag var litt for sein med påmeldingane i år, noko som førte til at nær 20 ulike lag stod på venteliste denne helga. Stordalscup 2009 hadde ingen vanskar med å avvikle med 94 lag, som er ny rekord for cupen. Neste år passerer ein truleg 100, for interessa og tilbakemeldingane er motivasjon god nok for stordalingane til å ta steget endå vidare.


stordalscup09sondag 035
Leidulf Årvik frå Stranda  hadde ein optimal dag på Kirkebø. Han storkosa seg frå sin "sjefsplass" midt på Kirkebø stadion. - Stordalscup er berre heilt unik - her er det Trivsel med stor T for alle penga...

stordalscup09sondag 002
Ådne frå Norborg 1 måtte bandasjere kneet før kampane. Men, med kompress på plass var 12-åringen fit for fight.


stordalscup09sondag 004
Valldal G11 starta likegodt søndagen på tivoliet. Her ser vi laget står og småtrippe, før karusellar og Tivoliet tok all fokus - for ei lita stund.

stordalscup09sondag 005

Jakob frå Valldal spelar for fleire lag.

9-åringen har spelt - og scora for både G9, G10, G11 og G12-laget til Valldal i år.

Og nettsusen den fortsette på Kirkebø søndag - no for Valldal G11.



















stordalscup09sondag 006

Per Ivar Skodjereite har mange oppgåver - som trenar for Stordal G11.

Her ser vi han hjelpe til med ein real "kjerringknute" på fotballskoene til Ilyas.



















stordalscup09sondag 007
Ellingsøy G12 gledde seg til cupen. Her ser vi gultrøyene før laget skal i aksjon i sin første kamp.


stordalscup09sondag 009
Stordal G11 - før sin første kamp. Då vi spurde gutane om kva som var det beste med Stordalscup fekk vi dette svaret: - Vi er gode...

stordalscup09sondag 011
Herd hadde ein stor tropp i G13. Klubben valgde ei praktisk løysing på dette, nemleg ved å stille to lag.

stordalscup09sondag 015
Full fart i oppgjeret mellom Stordal og Norborg i klasse J10

stordalscup09sondag 016
Kjært barn har mange namn. Stordal SFK, Stordal FFK - eller Stordal Sammensatt FK. Kanskje "Sindre Fotballklubb Flo" var endå betre? Uansett var dette laget langvegsfarande, med Fjellhamar i Oslo som utgangspunkt. Med vaksvikaren Sindre Flo som naturleg Manager...

På bildet ser vi frå venstre: Simen, Lars og Stian. SFK deltok i klasse G13


stordalscup09sondag 018
Dette øyeblikket er henta frå kampen Stranda-Blindheim i klasse J 10.

stordalscup09sondag 020
Au, da! Marthe Sofie frå Tomrefjord J 10 hadde det ikkje godt. Men, med isposen på plass var smilet raskt tilbake...

stordalscup09sondag 022
Martha (tv) og Mari frå Blindheim J 10 smilte om kapp med sola. 10-åringane hadde nettopp vunne sin første kamp 6-2 og no var Tivoliet neste på programmet. Dei syntes det var stor stas med både fotball og tivoli samtidig.

stordalscup09sondag 025
Det var ikkje berre på kunstgraset det var aktivitet. Her ser vi Erling Ytterland frå Comet sport i aksjon bak disken. "Yttis" var på sitt aller første cup-besøk i Stordal - men lovar å vere på plass igjen neste år. - Dette er jo kjempegreier, meinte den "gamle" AaFK-måljegeren.


stordalscup09sondag 027
Robin Andrè (tv), Håkon og Kristian hadde fått farge alt etter sin 1. kamp. 1-2 tap til tross, gutane frå Norddal/Eidsdal/Geiranger hadde det kjekt likevel. - Gøy med slike cupar, meinte dei.

stordalscup09sondag 029
Her blir vi nesten treft av ballen i oppgjeret mellom Blindheim og Valldal i klasse J 10

stordalscup09sondag 030
Desse staute karane frå Stranda G 16 brydde seg ikkje så mykje om tivoli mellom kampane. Paintball og lekre jenter var langt meir interessant.

Stian (fv), Belal og Geir Olav nikka då vi spurde om dei likte det dei såg - frå tribuneplass...

stordalscup09sondag 031
Spjelkavik J 7 rakk såvidt stille opp til bilde før dommaren bles for kampstart.

stordalscup09sondag 040

Amalie frå Ørskog måtte fortelle oss tre ting som er bra med Stordalscup.

Først er det tivoli, så er det fotball og til slutt er det mr. Freeze...

Amalie er 8 år.






















stordalscup09sondag 041
Tid for eit lite "taktikkmøte". Kunstgraset på Kirkebø har fleire slike "oasar" som laga brukte til førebuingar.

stordalscup09sondag 042
Uansett kva retning vi snudde oss. Folk overalt. Engasjerte, smilande og etterkvart også solbrente...

stordalscup09sondag 043
Tett og jamnt mellom Stordal og Stranda i J 9.

stordalscup09sondag 045
Ikkje alle barn spelte fotball. Janne (fv), Aina og Mali hadde stø kurs mot tivoliet.

stordalscup09sondag 049
Jaggu blei det varmt på Kirkebø søndag. Etter fleire timar ute i det fri var denne gjengen berre nødt til å kjøle seg ned. Sofagruppa i Stordalshallen var heilt idèell i så måte...

stordalscup09sondag 054
Ein stad mellom 2.500 og 3.000 var besøkte Stordalscup på søndag. Kor mange hundre som til einkvar tid var på fotballbanene anar vi ikkje. Men, det var mange, svært mange....


stordalscup09sondag 057
Ikkje lett å finne igjen mor eller far i mylderet - eller spelarar for den del.

stordalscup09sondag 058
Endeleg ferdig og fortent belønning. Denne trioen frå Ravn J 9 fekk - som alle andre - både diplom og premie. Frå venstre: Anne Marthe, Elisabeth og Benedicte.

stordalscup09sondag 060
Sånn cirka, rundt rekna var det eit tusental stolte fotballspelarar som forlet Kirkebø stadion denne helga med dette trofèet i handa.

stordalscup09sondag 062
Sunnylven hadde lag i G16. Trenar er Steinar Hjelle (nr 2 bak frå venstre)

stordalscup09sondag 065
Høgt tempo i kampen mellom Stranda og Ravn i J 8

stordalscup09sondag 064
Spjelkavik jublar etter scoring mot Ørskog. Desse laga spelar i klasse J 8

stordalscup09sondag 066
Aleksander (fv), Johannes og Jan Tore er ferdig med turneringa. - Stordalscup er gøy. Kjekt å spele mange kampar.

(fotos: John Øie)


For resultat og tabellar viser vi til stordalscup.no



Av Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. 2009-06-29 22:57:13
Med unntak av ei kald ei ,kanskje


Kommentarar
  • Usakelige kommentarar vil bli sletta
Navn:
Epost
Heimeside
Tittel:
Kommentar:

Kode:* Code

Powered by AkoComment!

Sist oppdatert ( søndag 28. juni 2009 )
 
< Forrige   Neste >

Kven er online

Vi har 25 gjestar her no
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida.
Du må logge inn.

Meldingar

-
 

5 div.2010

Målscorarar Stordal

nu-børsen 2010
MÅLSCORARANE   
Robin Aasen 
Thomas Kirkebøe 
Kenneth Søvik 
Petter A Kirkebøe 
Andreas Kirkebøe 

CoolCool Robin
Cool Andreas
Cool Geir Marius
Cool Thomas
Cool Hans Martin
 
© 2010 STORDAL.NU
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.